Lesesirkel på Fossefestivalen
Den Høgvørde Kronprinsesse Mette-Marit besøkte den fjerde internasjonale Fossefestivalen og lesesirkel om romanen “Naustet” av Jon Fosse.
11. september 2025

– “Eg går ikkje ut lenger, ei uro er kommen over meg, og eg går ikkje ut.”
Slik startar “Naustet”, som er frå 1989. Romanen er eit trekantdrama utspelt over nokre få sommardagar. Det handlar om vennskap, kjærleik, sjalusi og død, og det får ein brutal ende.

I lesesirkelen deltok forfattarane Erlend Loe og Olaug Nilssen i lag med litteraturkritikar Bernhard Ellefsen.

Lesesirkelen er eitt av fleire arrangement under Fossefestivalen i år. Festivalen er arrangert av Det Norske Teatret og Det Norske Samlaget. I omlag ti dagar er teatret fylt med Fosseframsyningar, både eigne produksjonar og internasjonale gjestespel, og eit sideprogram som utforskar fortatterskapen og dramatikken frå ulike perspektiv.

Kronprinsesse Mette-Marit er beskyttar av festivalen som ber Fosse sitt namn. Gjennom Nobelprisen i litteratur har Jon Fosse fått betydeleg merksemd i den internasjonale litteraturverda.
