Hopp til innholdet

Lom stavkyrkje 850 år

H.K.H. Kronprinsen var til stades ved hovudmarkeringa av 850-årsjubileet til Lom stavkyrkje søndag.

16. september 2008

Jubileet til stavkyrkja har vorte feira med ulike arrangement gjennom heile 2008, og markeringa kulminerte med ei festgudsteneste søndag. Kronprins Haakon var til stades under gudstenesta, der biskop Solveig Fiske heldt preika for dagen med utgangspunkt i ein tekst frå mellomalderen. Den katolske biskopen i Oslo deltok òg, i tillegg til prestane frå Lom og Skjåk.

Historia vart òg sterkt markert gjennom framføringa på latin av seks vers frå «Aquas plenas amaritudine» frå tidleg 1200-tal. Notane til denne såkalla St. Thomas-hymnen vart funne under den gamle stavkyrkja under ei utgraving på 1970-talet.

Etter gudstenesta fekk Kronprinsen servert tradisjonsrik kyrkjekaffi med blant anna blandingsgraut, spekemat og mjød. Under kaffien vart historia til stavkyrkja presentert i form av eit musikalsk innslag av Lom barneskole.

Lom stavkirke

Lom stavkirke (Foto: Gorm Kallestad, Scanpix)