Lunden-galla i Trefoldighetskirken
H.M. Dronninga var fredag kveld til stades ved ”Lunden-galla” i Trefoldighetskirken i Oslo. Arrangementet var til inntekt for renovering av Lunden kloster, som i år har 50-årsjubileum, og ei gåve frå klosterets venner.
2. oktober 2009
Kveldens program hadde eit variert religiøst-kulturelt innhald. Kjetil Bang-Hansen var konferansier, mens Wolfgang Plagge, Solveig Slettahjell, Stephen Brandt-Hansen og Arnfinn Haram bidrog med musikalske innslag. Svein Tindberg las frå Markusevangeliget, og Anne Grosvold intervjua syster Anne-Lise om klosterlivet. Biskop Ole Christian Kvarme, biskop Bernt Eidsvig og tidlegare byrådsleiar Erling Lae heldt helsingstalar.
Lunden kloster
Lunden kloster, Maria Bebudelseskloster ligg på Linderud i Oslo og høyrer til den kontemplative greina av dominikanarordenen. I dag består kommuniteten av 9 systrer frå Frankrike, Italia, Noreg, Polen og Tyskland.
Klosteret har utspringet sitt i eit dominikanarinnekloster i Lourdes i Frankrike og vart grunnlagt av systrer derfrå i 1951. I 1959 vart klosteret sjølvstendig frå moderklosteret, og i 1966 stod sjølve klosterbygningen på Linderud ferdig.
