Kenyas president i audiens
Den Høgvørde Kronprins Haakon tok i dag imot Kenyas president, Hans Eksellense William Samoei Ruto, og førstedame Rachel Ruto i audiens, etterfølgt av ein offisiell lunsj på Slottet.
9. juni 2026

Det er første gong ein kenyansk president gjestar Noreg.
Tidlegare på dagen besøkte president William Samoei Ruto Rederiforbundet, før han møtte finansminister Jens Stoltenberg. Under opphaldet i Oslo står òg besøk til Stortinget på programmet, der stortingspresident Masud Gharahkhani er vert, samt deltaking på eit norsk-kenyansk næringsseminar hos NHO. I kveld inviterer statsminister Jonas Gahr Støre til middag i regjeringa sitt representasjonsanlegg.
Kenya er ein sentral samarbeidspartnar for Noreg i Afrika og i FN, og ein viktig marknad for norsk næringsliv. Kenya og Noreg står saman i ei rekkje internasjonale spørsmål, ikkje minst i arbeidet for reine og berekraftige hav.
I 2022 besøkte Kronprins Haakon Kenya saman med Kronprinsesse Victoria av Sverige. Les meir om besøket her.




