Hopp til innholdet

Som følge av Kong Haralds bortgang kan det forekomme en del feil på dette nettstedet en tid framover.

Mange tusen ved Kong Harald si båre

Etter at Kong Harald V si båre vart ført til Slottskapellet, har meir enn 46 000 besøkt kapellet for å defilere og ta farvel med Noregs konge gjennom 35 år. I går besøkte Dronning Sonja Slottskapellet.

8. september 2026

Dronningen står foran Kong Haralds båre i Slottskapellet.
Dronning Sonja i Slottskapellet. Foto: Anette Ask, Det kongelege hoffet | Last nedLisensinformasjon

I dag, tysdag 8. september, var siste høve for dei som ville defilere. I ettermiddag vart køen stengd for å sikre at alle som hadde stilt seg opp, skulle nå fram før Slottskapellet stengjer.

Både Kongefamilien, Stortinget, Regjeringa, Høgsterett og representantar frå Sametinget har defilert. Det har òg representantar for ulike delar av det offisielle Noreg og det diplomatiske korpset.

Dronning Sonja i sort står foran Kong Haralds båre.
Dronning Sonja i Slottskapellet. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet | Last nedLisensinformasjon
En krans i hvitt og grønt med et hvitt bånd som har påskriften "Takk for et godt liv" og Dronning Sonjas monogram.
Dronning Sonja si krans ved båra. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet
Prinsesse Astrid i sort sitter i rullestolen sin foran båren.
Prinsesse Astrid besøkte Slottskapellet nokre dagar tidlegare. Foto: Øivind Möller Bakken, Det kongelege hoffet | Last nedLisensinformasjon

Det har vore sett av tid til ulike grupper kvar morgon til dette, men frå klokka 10.00 og utover kvelden har publikum kunne defilere ved Kong Harald si båre.

Lange køar

Slottskapellet har vore ope for publikum sidan 1. september, og det har vore lange køar med ventetid på fleire timar kvar dag. Sist helg vart opningstidene utvida til klokka 23.00, slik at flest mogleg skulle få høve til å ta farvel med Kong Harald.

En stor mengde mennesker står i kø langs et gjerde i Slottsparken.
Kvar dag har fleire tusen stått i kø for å ta farvel med Kong Harald. Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Det offisielle Noreg, det diplomatiske korpset, Forsvaret og representantar for ulike trusretningar er blant dei som har besøkt Slottskapellet desse dagane.

Stortingspresidenten bukker for Kong Haralds båre.
Stortingsrepresentantane har defilert for Kong Harald si båre. Her ved stortingspresident Masud Gharahkhani. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet
Statsministeren i sort dress foran Kong Haralds båre.
Statsminister Jonas Gahr Støre og medlemmane i regjeringa. Foto: Øivind Möller Bakken, Det kongelege hoffet
Høgsterett, med høgsterettsjustitiarius Toril Marie Øie i spissen, kjem for å leggje ned blomar på Slottsplassen og defilere for Kong Harald si båre. Foto: Javad Parsa / NTB
Sametingets plenumsleder og sametingspresidenten i kofter foran båren.
Sametinget var representert ved president Silje Karine Muotka og plenumsleiar Sandra Márjá Wes. Foto: Øivind Möller Bakken, Det kongelege hoffet
Forsvarssjefen i uniform i giv akt foran båren.
Forsvarssjef Eirik Kristoffersen og andre leiarar i Forsvaret er blant dei som har defilert. Foto: Øivind Möller Bakken, Det kongelege hoffet
Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn har defilert i Slottskapellet, her ved Faruk Terzic, imam og styreleiar i Muslimsk Dialognettverk. Foto: Hanna Johre / NTB.

Båra

Kong Harald si båre er drapert i Kongeflagget, og Noregs kongekrone og rikssverd ligg plassert på båra. Ved fotenden er fire av ordenane hans plasserte: St. Olavs Orden, den britiske hosebandsordenen, den danske elefantordenen og den svenske serafimerordenen. Desse er valde på grunn av den historiske nærleiken til desse landa.

Kadettar frå Krigsskulen står vakt ved båra.

To bårevakter på kvar side av båra.
Kadettar frå Forsvaret står bårevakt ved Kong Harald V si båre i Slottskapellet. Foto: Cornelius Poppe / NTB
Kongekronen og rikssverdet er plassert på båren, som er drapert i Kongeflagget i rødt og gull.
Noregs kongekrone og rikssverd er plassert på Kong Harald si båre. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet
Fire unge kadetter i stram giv akt står ved siden av båren.
Kadettar frå Krigsskulen står vakt ved båra heile døgnet. Foto: Fredrik Varfjell / NTB