Markerte frigjerings- og veterandagen
Hans Majestet Kongen og Den Høgvørde Kronprinsen markerte i dag frigjerings- og veterandagen på Akershus festning i Oslo.
8. mai 2026

I år er det 81 år sidan Noreg igjen vart fritt etter fem års okkupasjon. Frigjeringsdagen har blitt markert årleg sidan 1945, og i 2011 vart 8. mai etablert som ein felles frigjerings- og veterandag. Sidan andre verdskrigen har over 100 000 nordmenn tenestegjort i rundt hundre internasjonale operasjonar og oppdrag verda over.
Dagen blir markert over heile landet, og Kong Harald og Kronprins Haakon deltok på hovudarrangementet på Akershus festning.
Fire F-35 kampfly flaug over Festningsplassen og markerte starten på seremonien. Overflyging på 8. mai er ein fast tradisjon.
Kronprinsen inspiserte honnøravdelinga og la ned krans til minne om dei som har mista livet i teneste for Noreg.

– Viktigare enn materiell er menneske – og samarbeidet med nære allierte i NATO. Når styresmakter, offiserar og soldatar kjem saman, blir kjende, planlegg, prøver utstyr, skaper relasjonar, byggjer tillit og øver, blir evna vår til å møte utfordringar styrkt. Tillit er noko av det aller viktigaste i ei verd som blir opplevd som meir uroleg, meir uføreseieleg og farlegare, sa statsminister Jonas Gahr Støre i talen sin.
Kommandør Marit Strengen heldt soldatane si tale.
– For det vi har, er verdt noko. Det er verdt å forsvare, og det er verdt å kjempe for. I dag vil eg seie takk. Takk til dei som gjekk føre. Takk til dei som heldt fram kampen for Noreg. Takk til dei som står i fremste linja no. Og takk til alle som er klare når det krevst. Det forpliktar. Alle gav noko – og nokon gav alt.
Regjeringa og Forsvaret tildelte òg medaljar til fleire soldatar for særleg innsats i teneste. Oberstløytnant Kristian Ure mottok Krigsmedaljen for si langvarige innsats i Afghanistan. Aleksander Nyvoll Antonsen vart tildelt Forsvarets medalje for edel dåd, medan ti personar mottok Forsvarets innsatsmedalje under seremonien.





