Markerte Frigjeringsdagen
Hans Majestet Kong Harald markerte Frigjeringsdagen og Forsvarets Veterandag i dag. Han la ned krans til minne om dei som har falle i teneste for Noreg.
8. mai 2019

Seremonien vart halden på Akershus festning i Oslo, der Kongen inspiserte ei honnøravdeling frå Forsvaret før han la ned krans ved Nasjonalmonumentet. Fleire F-16 jagerfly gjorde ein overflyging over festningsområdet kort tid etter at Kong Harald kom dit.

Utmerkingar
Det er tradisjon å tildele medaljar for innsats i militære operasjonar under det årlege arrangementet på Akershus festning. I år vart 16 soldatar dekorerte for sin innsats. Medaljane som er tildelte i år, er St. Olavs medalje med eikegrein, Krigsmedaljen, Forsvarets medalje for edel dåd og Forsvarets innsatsmedalje. Kongen gratulerte mottakarane etter medaljeseremonien.

Stortingspresident og statsminister
Stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen, statsminister Erna Solberg, statsråd Frank Bakke-Jensen og forsvarssjef admiral Haakon Bruun-Hansen var også til stades under seremonien på Akershus, og det var statsministeren som heldt Talen for dagen. Major Asbjørn Olav Karlsvik heldt «Soldatenes tale».
Markeringa av Frigjeringsdagen vart avslutta med Fedrelandssalmen.

