Markerte verdsdagen for psykisk helse
Den Høgvørde Kronprinsregenten besøkte Åsebråten barne- og ungdomspsykiatrisk klinikk i Fredrikstad på verdsdagen for psykisk helse. Klinikken fyller 50 år i 2019.
9. oktober 2019

Åsebråten barne- og ungdomspsykiatriske klinikk behandlar barn og ungdom med psykosar, alvorleg spiseforstyrring, traumeproblematikk eller tilstandar som er uavklarte. Det er einaste døgntilbod for planlagd behandling og utgreiing for barn og ungdom mellom 6 og 13 år i Østfold.
Kronprinsen vart ønskt velkommen til Fredrikstad av Åsebråten barnehage. Deretter fekk han ei orientering om klinikken, som fyller 50 år i 2019, av seksjonsleiar Roy Andersen.

Kronprinsen fekk òg ei omvising på klinikken og høve til å snakke med barn, unge og familiane deira på Åsebråten barne- og ungdomspsykiatriske klinikk. Under omvisinga fekk Kronprinsen vere med på aktivitetar som blir brukte i det daglege på klinikken i ulike temarom. Her fekk han blant anna sjå korleis Åsebråten inkluderer familiane til pasientane i behandlinga gjennom blant anna fleirfamiliegrupper.
I pizzaverkstaden delte tolv år gamle Emilie si sterke historie om spiseforstyrringar og møte med behandlingstilbodet på Åsebråten barne- og ungdomspsykiatriske klinikk.

I kantina møtte Kronprinsen fleire av dei tilsette. Programmet vart runda av med eit musikalsk innslag ved overlege Ingvild Aurebekk. Ho framførte ein song inspirert av inntrykk i pasientarbeidet.
Verdsdagen for psykisk helse
Verdsdagen for psykisk helse har vorte markert 10. oktober kvart år sidan 1992. Dagen blir koordinert av Mental Helse Noreg. Dagen skal styrkje kunnskapen og ei open haldning om psykisk helse og fremje gode levevanar.
Tema for markeringa i år er "Gi tid", og kampanjen oppmodar alle til å bruke tida på å gjere ting som er godt for den psykiske helsa.
Åsebråten





