Hopp til innholdet

Som følge av Kong Haralds bortgang kan det forekomme en del feil på dette nettstedet en tid framover.

Mesh 10 år

Den Høgvørde Kronprins Haakon har følgt Mesh gjennom ei årrekkje. Måndag kveld var han til stades da selskapet markerte 10-årsjubileet sitt.

27. september 2022

Kronprins Haakon var ein av dei 17 som fekk ein plass i Mesh' Hall of Fame. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Sidan starten i 2012 har Mesh tilbode lokale, verktøy, nettverk og møteplassar for gründerar og innovatørar sentralt i Oslo. Dei arrangerer event og hjelper oppstartsbedrifter å rekruttere talenta dei treng for å vekse.

Kronprins Haakon har følgt Mesh gjennom mange år og var til stades under markeringa av 10-årsjubileet. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

I dag har Mesh meir enn 3800 medlemmer og over 100 000 brukarar kvart år. Dei opererer i Oslo, Trondheim og København og har vorte eit av dei største startup-nettverka i Norden. Dette vart feira under 10-årsmarkeringa på Youngstorget måndag.

Hall of Fame

Høgdepunktet i programmet var etableringa av ein egen Mesh Hall of Fame. Ein for ein vart 17 personar som har vore viktige for Mesh og startup-miljøet gjennom desse ti åra, kalla opp på scenen, presenterte for publikum og tildelte pris for rolla si.

Kronprins Haakon vart innlemma i Mesh Hall of Fame for innsatsen sin for innovasjon og gründerverksemd gjennom mange år. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Til slutt bad Mesh-leiar og grunnleggjar Anders Mjåset Kronprins Haakon komme opp på scenen. Der vart Kronprinsen heidra med ein plass i Mesh Hall of Fame for den mangeårige innsatsen sin for innovasjon og gründerverksemd.

Kronprins Haakon var ein av dei 17 som fekk ein plass i Mesh' Hall of Fame. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Kronprins Haakon vart innlemma i Mesh Hall of Fame for innsatsen sin for innovasjon og gründerverksemd gjennom mange år. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Kronprins Haakon under markeringa av Mesh' 10-årsjubileum. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet