Minte dei som mista livet
I formiddag la Den Høgvørde Kronprinsregenten ned krans i minnelunden på Akershus Festning under markeringa av Forsvarets minnedag.
3. november 2019

Det er ein lang tradisjon at markeringa av Forsvarets minnedag blir lagd til første søndag i november. Dette er dagen for å heidre og minnast dei som har mista livet i Forsvarets teneste i og utanfor Noreg.

Ved seremonien i Museumsgarden på Akershus heldt forsvarssjef admiral Haakon Bruun-Hansen minnetalen. Forsvarssjefen bad deretter Kronprinsregenten om å leggje ned kransen. Stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen og statsråd Frank Bakke-Jensen var òg til stades under seremonien.

Etter kransnedlegginga deltok Kronprinsregenten ved minnegudstenesta i Akershus slottskyrkje, der feltprost oberst Nils Terje Lunde var forrettande prest.

Under gudstenesta heldt forsvarsministeren minnetalen, og Kronprins Haakon tente Forsvarets minnelys – etterfølgd av eit stille minutt.
Forsvarets minnedag 2019





