Hopp til innholdet

Mintest jugoslaviske krigsfangar

Hans Majestet Kongen la ned krans på Botn krigskyrkjegard i Saltdal i dag. Seremonien mintest dei mange jugoslaviske krigsfangane som mista livet under tvangsarbeid i Nord-Noreg under den andre verdskrigen.

22. juni 2017

Kong Harald la ned krans på minnesmerket over krigsfangene. Det gjorde også Serbias ambassadør til Norge. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff.

Serbias ambassadør til Noreg, Suzana Boškovič-Prodanovič, la ned krans på vegner av det serbiske folket.

Den høgtidelege seremonien var hovudmarkeringa av 75-årsminnet for jugoslaviske krigsfangar som ikkje overlevde verdskrigens herjingar. Den jugoslaviske krigskyrkjegarden i Botn vart oppretta i 1954. Da fekk leivningane etter dei 2074 krigsfangane som mista livet i fangeleirar og under tvangsarbeid i Nord-Noreg, sin siste kvilestad der. Markeringa i Saltdal er eitt av fleire minnearrangement i Nordland og er eit samarbeid mellom den serbiske provinsen Vojvodina og Nordland fylkeskommune.

Må ikkje gløyme

– Det er viktig å minnast dei som døydde her i nord, og ikkje gløyme det gruelege som skjedde. Eg er glad for at både våre serbiske venner og Kong Harald kjem for å delta på denne markeringa, seier fylkesordførar i Nordland Sonja Alice Steen.

Kransnedlegging på krigskyrkjegarden. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet.

Etter den høgtidelege stunda på Botn krigskyrkjegard var det lunsj på Nordland nasjonalparksenter. Det kulturelle innslaget under lunsjen var joik ved Elen Kristina Utsi. Kongen fekk òg ei omvising på dei historiske delane av nasjonalparksenteret.

Blodvegen

Etter lunsj reiste Kong Harald til Blodvegmuseet utanfor Rognan. Museet dokumenterer historia til dei jugoslaviske, polske og sovjetiske krigsfangane som bygde «Blodvegen» frå Rognan til Langset i Saltdal. Arbeidet gjekk føre seg mellom 1942 og 1945, under leiing av den tyske okkupasjonsmakta.

Kong Harald fekk ei omvising på Blodvegmuseet. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet.

Inga fangegruppe på norsk jord vart behandla verre enn dei første 2288 jugoslaviske fangane som kom til Noreg sommaren 1942. Fire av fem leirar låg i Nordland. Frå våren 1943 overtok Wehrmacht leirane frå SS, og forholda vart noko betre.

På museet vart Kongen fortald den gruelege historia om livet og arbeidet til krigsfangane i Dunderlandsdalen i Nord-Rana. Blodvegmuseet held til i ei tyskarbrakke frå Dunderlandsdalen. Titusenar av austeuropeiske krigsfangar vart sende nordover for å byggje veg og jernbane, og dei sleit under umenneskelege forhold. Mange vende aldri tilbake.

Saltdalen

Kong Harald la ned krans på minnesmerket over krigsfangene. Det gjorde også Serbias ambassadør til Norge. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff.
Kransnedleggelse på Botn krigskirkegård. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff.
Kongen fikk en omvisning i Blodveimuseet. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff