Hopp til innholdet

Som følge av Kong Haralds bortgang kan det forekomme en del feil på dette nettstedet en tid framover.

Mottaking for diplomatar

Den Høgvørde Kronprinsen og Den Høgvørde Kronprinsessa heldt mottaking på Skaugum for diplomatar som har ambassadar i Noreg.

19. juni 2025

Kronprinsparet heldt mottaking på Skaugum. Foto: Jonas Been Henriksen / NTB

Kronprinsparet ønskte velkomen til mottakinga som fann stad på terrassen på Skaugum i Asker.

– Vi lever i ei tid der fleire kriser krev globale løysingar. Vi kan berre løyse desse problema ved å samarbeide, sa Kronprins Haakon då han tala til diplomatane, og heldt fram:

– Det diplomatiske korpset er ein hjørnestein i internasjonalt samarbeid. Dykkar ferdigheiter, harde innsats og tolmod trengst no meir enn nokon gong.

Kronprinsesse Mette-Marit introduserte musikaren Gjermund Larsen, som framførte fleire musikalske innslag med hardingfela si.

Musikaren Gjermund Larsen spelte. Foto: Jonas Been Henriksen / NTB

Det er ein årleg tradisjon at Kongehuset møter diplomatane ved mottaking eller middag.

Samtalar med diplomatane under mottakinga. Foto: Jonas Been Henriksen / NTB
Kronprinsparet ønsker diplomatane velkomen. Foto: Jonas Been Henriksen / NTB
Gjermund Larsen opptredde for gjestane. Foto: Jonas Been Henriksen / NTB
Kronprinsparet ønskte velkomen. Foto: Jonas Been Henriksen / NTB
Kronprinsen i samtale med diplomatane. Foto: Jonas Been Henriksen / NTB
Kronprinsessa under mottakinga. Foto: Jonas Been Henriksen / NTB
Kronprinsparet under mottaking på Skaugum. Foto: Jonas Been Henriksen / NTB
Kronprinsparet heldt mottaking på Skaugum. Foto: Jonas Been Henriksen / NTB