Mottaking for diplomatar på Oscarshall
Kronprinsparet heldt i dag ei mottaking på Oscarshall for diplomatar som har ambassade i Noreg.
5. september 2024

Det er ein årleg tradisjon at Kongehuset møter diplomatane ved mottaking eller gallamiddag.
Diplomatmiddagen finn stad på Slottet kvart tredje år. Dei to mellomliggjande åra blir det invitert til mottaking på Oscarshall eller Kongeskipet Norge.




