Hopp til innholdet

Møtte brannoffer i Flatanger

I dag møtte Kongeparet redningsmannskap og innbyggarar i Flatanger – kommunen som vart så hardt ramma av brann denne veka.

31. januar 2014

Kongeparet under besøket til Flatanger. Åge Hasvåg viser dem branntomta der huset hans sto (Foto: Ned Alley / NTB scanpix)

Sterk vind gjorde sløkkinga av lyng- og skogbrannen svært vanskeleg og spreidde elden til bustadhus og andre bygningar. Ein reknar med at om lag seksti bygningar vart skadde, av dei nokså mange bustader.

I dag møtte Kongeparet menneske som hadde mista heim og næring. Hans Majestet Kong Harald gav òg uttrykk for si medkjensle og si beundring for innsatsen frå redningsmannskapa og frivillige i eit brev til ordføraren tidlegare denne veka.

Landet i Lauvsnes

Besøket starta i kommunesenteret Lauvsnes. Skole- og barnehagebarn gav Kongeparet ein hjarteleg velkomst, før møtet med dei ansvarlege for krisehandteringa og representantar for innsatsstyrkane tok til inne på Lauvsnes skole.

Kongen og Dronninga fekk ei orientering om hendingsgangen og det vanskelege sløkkingsarbeidet, før ordførar Olav Jørgen Bjørkås følgde Kongeparet vidare til områda som vart hardast ramma.

Hardast ramma

Bygdene Hasvåg og Småværet vart hardast ramma av katastrofen, og Kongeparet kunne sjølve ta skadane i augesyn frå helikopteret som frakta dei inn i området.

På Hasvåg Fritid fekk Kong Harald og Dronning Sonja møte tolv av dei som mista heimane sine i brannen. Blant dei var Åge Hasvåg, som fortalde si historie på branntomta der huset hans hadde stått.

Til slutt gjekk turen ut til Småværet, der Kongeparet fekk ei omvising på det brannskadde området og møtte familien Engbakken.

Flatanger

Kongeparet under besøket til Flatanger. Åge Hasvåg viser dem branntomta der huset hans sto (Foto: Ned Alley / NTB scanpix)