Hopp til innholdet

Møtte flaumoffer

Ekstremvêret "Synne" ramma Sør-Noreg sist helg. I dag møtte H.K.H. Kronprins Haakon nokre av offera for herjingane til flaumen.

11. desember 2015

Kronprinsen ankommer Vikeså i Bjerkreim kommune i følge med justisministeren for å se på flomskadene. Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

Det gjekk særleg ut over Agder-fylka og Rogaland. Nedbørsmengdene var svært store, og mange vassdrag fløymde over. Kronprins Haakon besøkte kommunane Bjerkreim i Rogaland og Kvinesdal i Vest-Agder i dag, der øydeleggingane er omfattande. Justisminister Anders Anundsen er med Kronprinsen under besøket.

Seks målestasjonar i Rogaland og Vest-Agder målte over 100 millimeter nedbør på eitt døgn under ekstremvêret "Synne". Ein må tilbake til 1943 for å finne like mykje nedbør på eitt døgn i same område, og "Synne" blir omtalt som ein 200-årsflaum.

Store øydeleggingar

Heldigvis gjekk det ikkje menneskeliv tapt som følgje av "Synne". Men dei materielle skadane er omfattande, og mange måtte sjå heimane sine bli øydelagde. Kronprins Haakon møtte nokre av dei i dag.

Besøkte Feda

Kronprinsen kom til Feda i Kvinesdal med helikopter i dag tidleg. Han ønskte ei synfaring i det flaumramma området, der blant anna Fedabrua vart teken av vassmassane sist helg. Ordførar Per Sverre Kvinlaug orienterte om flaumen i kommunen, og på Feda skole vart det eit sterkt møte med dei som vart ramma, og med leiarane for den lokale beredskapen.

– Det gjer eit svært sterkt inntrykk å sjå skadane. Her har jo vatnet gått langt over breiddene. Det er mange som med rette har opplevd dette som dramatisk, sa Kronprins Haakon, som òg skrytte av lokalsamfunnet og beredskapsarbeidet:

– Eit lite lyspunkt under flaumen er at lokalsamfunnet har stilt opp, og beredskapsarbeidet har fungert bra her i området, sa Kronprinsen

På Tengesdal

I Bjerkreim vart heile kommunesenteret sett under vatn da Bjerkreimsvassdraget fløymde over breiddene sine. Ordførar Torbjørn Ognedal følgde Kronprinsen gjennom det skadde kommunehuset, før dei reiste vidare til gardsbruket på Tengesdal. Her fortalde Aleksander Tengesdal korleis han fekk evakuert 100 storfe, men nokre vart ståande igjen i fjøset, og to kalvar drukna.

Kronprins Haakon fekk òg møte nabobøndene Jorulf Slettebø og Tormod Hestnes, som tok imot dyra frå Tengesdal da dei vart evakuerte.

Vasstanden er på veg ned i dei ramma områda. No ventar eit stort oppryddings- og gjenoppbyggingsarbeid.

Flomofre

Kronprinsen ankommer Vikeså i Bjerkreim kommune i følge med justisministeren for å se på flomskadene. Foto: Carina Johansen / NTB scanpix
Kronprins Haakon lytter til flomofre på sør-vestlandet. Foto: Carina Johansen / NTB scanpix
Ordfører Torbjørn Ognedal ledsager Kronprinsen gjennom det skadede kommunehuset i Bjerkreim. Foto: Carina Johansen / NTB scanpix
Aleksander Tengesdal forteller om evakueringen av buskapen fra det flomrammede fjøset. Foto: Carina Johansen / NTB scanpix
Justisminister Anders Anundsen og Magnhild Meltveit Kleppa, fylkesmannen i Rogaland, var med Kronprinsen på Tengesdal. Foto: Carina Johansen / NTB scanpix