Hopp til innholdet

Møtte minoritetskvinner

Hennar Majestet Dronninga besøkte MIRA-senteret i dag. Ressurssenteret blir drive av og for minoritetskvinner som ønskjer større deltaking i det norske samfunnet.

9. november 2015

Dronningen fikk te og eksotiske kaker på MIRA-senteret. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Målet til senteret er at kvinnene skal finne si eiga stemme og bli trygge på seg sjølve, samtidig som dei blir betre kjende med nærmiljøet sitt og med det norske samfunnet. I forkant av kommune- og fylkestingsvalet til hausten mobiliserte dei mange gjennom kampanjen "Hev Stemma No".

MIRA-Senteret arbeider for betre levekår og likestilling for minoritetskvinner i Noreg gjennom juridisk bistand, informasjon, politisk deltaking og kulturelle og sosiale aktivitetar. Senteret og leiaren, Fakhra Salimi, fekk Juristforbundets rettstryggleikspris for 2015.

Salimi og nestleiar Khansa Ali tok imot Dronninga i dag. Dei gav henne ei omvising og ei innføring i arbeidet og historia til senteret.

Samtalar over te

Dronning Sonja fekk møte kvinner med bakgrunn frå fleire nasjonalitetar til samtale. Over eit bord dekt med munngodt frå ulike land og med heimelaga mynte-te i koppen fekk Dronninga høyre om kvinnenes erfaringar, håpa og draumane deira og møtet deira med Noreg.

Imponerte Dronninga

På MIRA-senteret får mange av kvinnene den støtta dei treng til å stå støtt på eigne bein. Mange som får bistand her, vender sjølve tilbake til senteret i rolla som rettleiarar for andre.

Dronning Sonja fekk òg høyre om fleire enkeltprosjekt, som blant anna fokuserte på bevisstgjering av unge jenter, juridisk rettleiing og mødrerettleiing.

Dronninga sa seg imponert over den store innsatsen som blir gjord, og kva kvinnene har utretta.

Mira-senteret

Dronningen fikk te og eksotiske kaker på MIRA-senteret. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Dronning Sonja og Fakhra Salimi smiler hjertelig til hverandre.
Dronning Sonja blir tatt i mot av MIRA-senterets leder, Fakhra Salimi, under besøket i 2015. Foto: Heiko Junge / NTB
Det ble tid til et gruppebilde til slutt. Foto: Heiko Junge, NTB scanpix