Hopp til innholdet

Møtte sterke innovasjonsmiljø

Den Høgvørde Kronprins Haakon og Prins Sverre Magnus møtte i dag ei rekkje gründerar på Startuplab i Forskningsparken, før lanseringa av eit ope kodebibliotek ved forskingssenteret Ocean Industries Concept Lab ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo.

15. april 2026

Kronprins Haakon, Prins Sverre Magnus og ordfører Anne Lindboe i samtale med Synne Sauar.
Startuplab er eit viktig miljø for oppstartsverksemder i Noreg. Her fortel gründaren Synne Sauar om Litech, som nyttar elektromagnetisk induksjonsspektroskopi og KI for å avdekkje feilsorterte batteri og førebyggje brannar i attvinningsanlegg. Foto: Anette Ask, Det kongelege hoffet

Startuplab skildrar seg sjølv som Noregs leiande inkubator, akselerator og tidlegfaseinvestor for teknologibaserte oppstartsbedrifter, med kontor i Oslo og Bergen. Sidan oppstarten i 2012 har Startuplab investert i over 200 selskap og støtta nærmare 1000 oppstartsverksemder. Nokre av dei mest kjende selskapa med bakgrunn frå Startuplab er Kahoot!, reMarkable og Auk.

– I 2018 blei Auk fødd i dette rommet, sa grunnleggjar Didrik Dimmen, og fortalde om utviklinga av dei helautomatiserte plantedyrkingssystema som i dag er selde til over 30 land.

Prins Sverre Magnus helsar på Didrik Dimmen i Auk under besøket på Startuplab. Foto: Anette Ask, Det kongelege hoffet
Grunnleggjar Didrik Dimmen fortel om Auk som har oppnådd stor suksess med sine heilaautomatiske plantedyrkingssystem. Foto: Anette Ask, Det kongelege hoffet

Frå romfart og energiteknologi – til agritech, helseteknologi og klimateknologi

Under besøket i Forskningsparken, også kjend som Oslo Science Park, fekk Kronprinsen og Prinsen møte ei rekkje gründerar frå selskap som Winterleap, Oivi og Litech.

Håkon Skirstad Grini frå Optifish demonstrerte konseptet og idéen sin om å bruke KI og optimaliseringsalgoritmar for å planleggje og optimalisere produksjon i landbaserte lakseoppdrettsanlegg.

Kronprinsen besøkte nyleg det landbaserte lakseoppdrettsanlegget Salmon Evolution på Bud i Møre og Romsdal, noko som blei eit tema under møtet.

Demonstrasjon av netthinneskanningskamera hos Oivi under besøket på Startuplab. Foto: Anette Ask, Det kongelege hoffet
Daniel Cau Varmning i Spacelab deltok under lunsjmøtet på Startuplab. Foto: Anette Ask, Det kongelege hoffet
Startuplab er ein stad skapt av gründerar for gründerar. Foto: Anette Ask, Det kongelege hoffet

Startuplab inviterte til lunsj og rundebordssamtale med temaet barrierar og moglegheiter for vidare vekst i Noreg. Selskapa som presenterte seg under lunsjen, spende over eit breitt spekter av bransjar – frå romfart til helseteknologi og energiteknologi.

Norsk innovasjon for tryggare arbeidsplassar i maritim industri

Kronprins Haakon og prins Sverre Magnus besøkte også forskingssenteret Ocean Industries Concept Lab ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO). Her fekk dei ei grundig innføring i det forskingsbaserte designsystemet Openbridge for hovudsakleg skipsbruer – innovasjon på eit område der Noreg spelar ei viktig rolle.

Studentar frå NTNU fortel om AR-teknologi og fjernstyring. Foto: Anette Ask, Det kongelege hoffet
Kronprins Haakon og Prins Sverre Magnus møter studentar og forskarar under besøket til AHO. Foto: Anette Ask, Det kongelege hoffet

Openbridge er utvikla gjennom åtte år og i samarbeid med over 40 partnarar frå industri, akademia og offentlege aktørar. No var dagen komen for å gjere 200 ferdig koda komponentar fritt tilgjengelege for innovasjon og standardisering av maritime arbeidsstasjonar. I dag kan skipsbruer ha eit titals ulike brukargrensesnitt.

Det offisielle kodesleppet

Kronprins Haakon og Prins Sverre Magnus stod for den offisielle opninga av kodebiblioteket ved å skyve ein spak og trykkje på Enter for å publisere kjeldekoden.

Under besøket møtte dei studentar, forskarar og designarar som er engasjerte i forskingssenteret, samt verksemder som har teke i bruk designsystemet.

Kronprins Haakon og Prins Sverre Magnus markerer det offisielle kodesleppet på AHO. Foto: Anette Ask, Det kongelege hoffet