Hopp til innholdet

Møtte Sykehusklovnene

Sykehusklovnene arbeider for at barn skal oppleve glede og meistring i krevjande situasjonar på sjukehus i heile Noreg. Den Høgvørde Kronprinsessa møtte sjukehusklovnar, helsepersonell, barn og familiane deira på Ullevål sjukehus.

5. mars 2025

Kronprinsessa blei ynskt velkomen av sjukehusklovnane Bella Bing Bong og Cocodrilo, spela av Hedda Munthe og Arturo Tovar. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Sykehusklovnene er ein ideell stiftelse med 50 profesjonelle sjukehusklovnar, ein administrasjon og eit styre. Målet er å møte barn og unge som er innlagde på sjukehus eller får behandling heime, og å skape augeblink av glede, meistring og livsgneiste.

Alle sjukehusklovnane har gjennomgått ei opplæring på halvanna år for å kunne utøve den improviserte kunstforma til glede for barna. Gjennom leik og humor gir dei barn og unge ein etterlengta pustepause i ein krevjande kvardag.

Kronprinsessa blei teken imot av avdelingsleiar ved barnemedisinsk avdeling, Siril Kleiven, på Ullevål sjukehus, og spesialrådgjevar Anders Bayer.

I foajeen blei ho møtt av dei to sjukehusklovnane Bella Bing Bong (Hedda Munthe) og Cocodrilo (Arturo Tovar), dagleg leiar i Sykehusklovnene, Ellen Arnstad, og kunstnarisk leiar i Sykehusklovnene, Kjersti Skjaker.

Kronprinsessen fikk se hvordan Sykehusklovnene jobber og møter barn og deres pårørende i ulike situasjoner. Foto: Ole Berg-Rusten, NTB

Besøket blei innleidd med ei orientering frå Ullevål sjukehus og Sykehusklovnene. Dagleg leiar for Sykehusklovnene, Ellen Arnstad, fortalde om organisasjonen, og Sykehusklovnene, representerte ved skodespelarane Hedda Munthe og Arturo Tovar, fortalde om arbeidet sitt og kvardagen i møte med barn, unge og pårørande.

Sykehusklovnene starta på Ullevål sjukehus i 2001. I dag arbeider dei ved barne- og ungdomsavdelingar på 20 sjukehus i heile Noreg. I tillegg er dei på heimebesøk hos barn og unge i palliative forløp.

På barnemedisinsk sengepost fekk Kronprinsessa sjå Sykehusklovnene i arbeid. Ho fekk òg møte fleire av barna som har møtt Sykehusklovnene medan dei har vore innlagde.

Sykehusklovnene treffer barn og unge på sjukehuset og skaper augeblink av glede, meistring og livsgneiste. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Godt samarbeid

I 2024 møtte Sykehusklovnene meir enn 35 000 barn. Stiftelsen har eit godt samarbeid med sjukehusa og helsepersonell. Gjennom felles forståing av oppdraget med å hjelpe sjuke barn og pårørande skal dei skape meistringskjensle og tryggleik.

Sykehusklovnene er til stades på pasientrom, dagbehandling, poliklinikkar og medisinske avdelingar på 20 sjukehus over heile landet. Målgruppa er barn og unge frå 0–18 år, uavhengig av diagnose eller tilstand. Alle sjukehusklovnane er profesjonelle skodespelarar med spesialisering i sjukehusklovning, som har spesialisert seg på å møte barn og unge for å skape gode opplevingar.

Sykehusklovnene

Kronprinsessa og sjukehusklovnen Cocodrilo, spela av Arturo Tovar, i møte med pasientar på barneavdelinga på Ullevål sjukehus. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Sykehusklovnene fortalde om samarbeidet med sjukehuset, om betydninga for barna og òg om heimebesøka dei gjennomfører for barn i palliativ behandling. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Sykehusklovnene på pasientbesøk. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Kronprinsessa fekk ei orientering om Sykehusklovnene og samarbeidet deira med sjukehusa og helsepersonellet der. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Sykehusklovnene starta på Ullevål sjukehus i 2001 ved skodespelar Tove Karoliussen. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB