NHOs årskonferanse
H.K.H. Kronprins Haakon var til stades da NHO gjennomførte årskonferansen sin onsdag. Konferansen er eit årleg arrangement der ein ser på utfordringane norsk næringsliv står overfor. Tema for konferansen i år var Krise og Konkurranse.
8. januar 2009
Kronprinsen deltok på heile dagens program, som var breitt samansett av norske og utanlandske føredragshaldarar frå toppleiinga i ulike sektorar.
Programmet
Sesjonane var delte inn i fire tema. ”Krise og muligheter” vart diskutert av blant andre statsminister Jens Stoltenberg, NHO-president Paul-Christian Rieber og den amerikanske professoren Nouriel Roubini ved Stern School of Business, New York University.
Landslagstrenar Marit Breivik, tidlegare kringkastingssjef John G. Bernander og Storebrands konsernsjef Idar Kreutzer heldt føredrag under overskrifta ”Konkurranse flytter grenser”.
Etter lunsj flytta konferansen seg tematisk over mot framtida. ”Fremtiden er ikke hva den en gang var” vart drøfta med utgangspunkt i helsesektoren. Blant bidragsytarane her var statsråd Bjarne Håkon Hansen og president i Den norske legeforening Torunn Janbu.
Til slutt tok konferansen for seg ”Norge mot nye mål” – om korleis vi kan komme styrkte ut av dagens krise. Føredragshaldarane var blant andre Cass Sunstein, professor ved Harvard Law School, og finansminister Kristin Halvorsen.

