Hopp til innholdet

Norad-konferansen 2026

Den Høgvørde Kronprins Haakon var til stades på Norad‑konferansen «Peace Out». Konferansen retta i år søkjelyset mot dei menneskelege og økonomiske kostnadane ved krig – og kampen om sanninga.

29. januar 2026

Nynorsk versjon Kronprinsen går på den raude løparen saman med Gunn Jorid og Åsmund Aukrust. På kvar side står presse med kamera og mikrofonar.
Kronprins Haakon vart teken imot av Norad-direktør Gunn Jorid Roset og utviklingsminister Åsmund Aukrust. Foto: Fartein Rudjord / Norad

Demokratiforkjemparen Alaa Salah frå Sudan heldt opningsinnlegget i sesjonen «The State of War», der også FNs høgkommissær for menneskerettar, Volker Türk, deltok, saman med utviklingsminister Åsmund Aukrust, Clionadh Raleigh, leiar for ACLED, og Norad‑direktør Gunn Jorid Joset.

– Eg står ikkje her for å be om sympati. Eg ber om mot. Mot til å stå med folket, ikkje med våpna, sa den sudanesiske menneskerettsaktivisten framfor ei fullsett Sentrum Scene i Oslo.

Tett på Alaa Salah på scenen.
Demokratiforkjemperen Alaa Salah frå Sudan på Norad-konferansen "Peace Out". Foto: Fartein Rudjord / Norad
Kronprins Haakon, Noard-direktør Gunn Jorid Roset og utviklingsminister Åsmund Aukrust i samtale med innleggshaldarar på Norad-konferansen. Foto: Fartein Rudjord / Norad
Gunn Jorid Roset smiler mens hun viser fredstegnet fra scenen.
Norad-direktør Gunn Jorid Roset på scenen under konferansen. Foto: Fartein Rudjord / Norad
Oversiktsbilde over scenen og fremre del av salen.
Norad-konferansen 2026. Foto: Fartein Rudjord / Norad

Norad‑konferansen er ein møteplass for alle som er opptekne av internasjonale spørsmål og global utvikling. Konferansen hadde fokus på krig, konfliktførebygging og korleis Noreg og norsk utviklingssamarbeid kan bidra til å byggje ei meir fredfull verd.

Norad er eit forvaltings- og fagorgan for utviklingssamarbeid og støttar Utanriksdepartementet og Klima- og miljødepartementet med å nå måla for norsk utviklingspolitikk og å fremje berekraftig utvikling. FN sine berekraftsmål, klimamåla og menneskerettane ligg til grunn for Norad sitt arbeid.