Hopp til innholdet

Noregs lengste sandstrand er miljømerkt

Den Høgvørde Kronprinsen var på plass da Orrestranda på Jæren kunne heise det anerkjende miljømerket Blått flagg for sommaren 2017.

15. juni 2017

Henry Tendenes, styreleiar i Jæren Friluftsråd, forklarer prosessen med vassprøver for å bli sertifisert med blått flagg. Foto: Christian Lagaard, Det kongelege hoff

Med den fem kilometer lange strandlinja er Orrestranda den lengste sandstranda i landet. Hit kjem folk for å bade, surfe og gå turar.

Heiste blått flagg

Ordførar Ane Mari Braut Nese i Klepp og Henry Tendenes i Jæren Friluftsråd heiste det blå flagget som eit synleg bevis på at Orrestranda no er miljøsertifisert og oppfyller strenge krav til blant anna reint vatn, reine omgjevnader og tilstrekkelege toalett som blir reingjorde regelmessig.

Det er òg krav til førstehjelpsutstyr, livredningsutstyr, fasilitetar for handikappa og miljøinformasjon.

Med på flaggseremonien var elevar frå Orre skule og Marit Kjellesvik i Foundation for Environmental Education (FEE) – stiftinga som står bak utdelinga.

Miljøsertifiseringsordning for marinaer og strender

Over 4400 strender og marinaer i 46 land kan smykke seg med det internasjonalt anerkjende miljømerket Blått flagg. Lista omfattar land i Europa, Sør-Afrika, Marokko, New Zealand, Brasil, Canada og Karibia.

I 2016 gjekk ni norske strender og fem marinaer gjennom nålauget. To strender fekk miljømerket for første gong.

Blått Flagg-sertifiseringa starta i 1985 i Frankrike for å verne om marint miljø. Den gjeld for éin sesong.

Førebur EM i surfing

Kronprins Haakon er medlem av hovudkomiteen for EM i surfing. Meisterskapen blir arrangert på ei anna jærstrand, Borestranda, i haust. Tidlegare i dag deltok Kronprinsen på eit nytt komitémøte på Orre.

Kronprinsen saman med det norske landslaget under verdsmeisterskapet i surfing i mai. Foto: Øystein Engen, Det kongelege hoff

24. og 25. mai var Kronprinsen i Biarritz i det sørvestlege Frankrike under VM i surfing. Han var med for å lære av VM-arrangøren og møtte blant anna det norske landslaget og representantar for vertsby, surfeskular og det internasjonale surfeforbundet ISA.

Frå verdsmeisterskapet i surfing i mai. Foto: Sean Evans, ISA
Noregs Joackim Guichard i aksjon under VM i surfing i Biarritz, Frankrike. Foto: Ben Reed, ISA

Blått flagg på Orrestranda

Henry Tendenes, styreleiar i Jæren Friluftsråd, forklarer prosessen med vassprøver for å bli sertifisert med blått flagg. Foto: Christian Lagaard, Det kongelege hoff
Kronprinsen saman med elevar frå Orre skule. Foto: Christian Lagaard, Det kongelege hoff
Kronprinsen saman med det norske landslaget under verdsmeisterskapet i surfing i Biarritz, Frankrike. Foto: Øystein Engen, Det kongelege hoff
Frå verdsmeisterskapet i surfing i mai. Foto: Sean Evans, ISA
Noregs Joackim Guichard i aksjon under verdsmeisterskapet i surfing i mai. Foto: Ben Reed, ISA
Kronprins Haakon i samtale med Fernando Aguerre, president i Det internasjonale surfeforbundet ISA, under VM i surfing i mai. Foto: ISA
Kronprinsen i møte med representantar for Handi Surf under verdsmeisterskapet i surfing i mai. Foto: Øystein Engen, Det kongelege hoff

Instagram: Kongehuset

Instagram

Kongehuset har offisiell konto på Instagram. Der kan du finne bilder fra Kongefamiliens mange oppdrag og møter med mennesker rundt om i landet vårt.