Hopp til innholdet

Norges luftsportforbund 100 år

H.K.H. Kronprinsen var til stades da norsk luftfart og luftsport feira jubileum i Oslo Rådhus onsdag. Det er 100 år sidan Norsk Luftseiladsforening vart stifta i Kristiania.

6. mai 2009

Norsk Luftseiladsforening vart stifta i Frimurerlogen i Kristiania 5. mai 1909. Formålet var "å virke for luftseiladsens utvikling i videnskapens, forsvarets, teknikkens og sportens tjeneste".

Dette var starten på organisert luftfart og luftsport i Noreg. Foreininga var forløparen til Norsk Aero Klubb og det som enda seinare vart Norges Luftsportforbund.

Utstilling og oppvisning

Jubileet vart markert på Rådhusplassen i Oslo, der luftsportsaktivitetar vart presenterte med utstyr og materiell. Her var det òg mogleg å prøve simulatorar og modellfly og å få informasjon om utdanning til yrke og arbeidsutsikter innan luftfart.

Om kvelden var det oppvisning med veteranfly, akrofly, hanggliderar og paragliderar, fallskjermhopping med landing på Rådhusplassen og ballongoppstiging frå Kontraskjæret ved Akershus festning.

Markeringa er eit samarbeid mellom ei rekke aktørar innan sivil og militær luftfart, både offentlege etatar, firma, flyselskap og organisasjonar.

Festmøte og mottaking i Oslo rådhus

Frå kl. 17.00 var det festmøte i Rådhushallen for innbodne gjester, etterfølgt av ei mottaking gjeven av Oslo by. Jubileet vil bli markert med ei rekke arrangement over heile landet i løpet av våren og sommaren, og 22.–23. august blir det eit stort jubileumsflystemne på Rygge.

Kjelde: Norges Luftsportforbund

Luftsportsforbundet 100 år

Demonstrasjon av fallskjermhopping på Kjeller Foto: Morten Holm, Scanpix)