Norsk medaljejubel i Paralympics
Den Høgvørde Kronprinsen heia fram dei norske utøvarane i Dei paralympiske leikane i Paris. Tommy Urhaug gjorde det ekstra spennande i finalen i bordtennis, der han sikra den første gullmedaljen til Noreg.
4. september 2024

Det vart spenning til siste slutt for Kronprins Haakon og alle som heia anten frå tribunen eller heime i Noreg i går kveld. Tommy Urhaug vann 11-9 i femte sett og vann dermed 3-2 i sett totalt over Cheng Ming-chih.

Tidlegare på dagen følgde Kronprinsen den individuelle konkurransen i dressurriding og dei norske utøvarane i aksjon i bordtennis i South Paris Arena.

Helle Sofie Sagøy og Fredrik Solberg sørgde for to norske medaljar måndag.
Helle Sofie Sagøy tok ein overlegen siger i bronsefinalen i badminton etter 2-0 i sett mot Khalimatus Sadiyah frå Indonesia. Kronprins Haakon sat saman med idrettspresident Zaineb Al-Samarai på tribunen og kunne juble for medalje og revansje for Sagøy. For tre år sidan tapte ho bronsefinalen i Paralympics.

Fredrik Solberg tok bronse på 50 meter fri i Paralympics, og Kronprinsen følgde bronseløpet frå tribunen i Paris La Défense Arena. Det er den første medaljen i Paralympics for 22-åringen.

Kronprinsen møtte også utøvarane i deltakarlandsbyen tidlegare på dagen.
Det er i alt 18 utøvarar som representerer Noreg under Paralympics i år. Dei første medaljane kom før Kronprins Haakon var på plass i Paris. Søndag sikra Birgit Skarstein og Salum Kashafali to norske Paralympics-sølv. Torsdag tok bordtennisduoen Aida Husic Dahlen og Merethe Tveiten den første medaljen til Noreg med bronse i bordtennisdobbel for kvinner.
Først publisert: 02.09.2024
Sist oppdatert: 04.09.2024