Norsk Moteinstitutt opna
H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit var til stades da opninga av Norsk Moteinstitutt (NMI) vart markert på Norsk Design- og Arkitektursenter onsdag. Opninga inngjekk som ein del av Oslo Fashion Week 2009.
13. februar 2009
NMI er oppretta for å stimulere og posisjonere norsk motedesign i Noreg og i utlandet. Visjonen er å gjere norsk mote til ei anerkjend merkevare.
Instituttet vil ha desse oppgåvene:
- Vere ein samlande organisasjon for norsk mote
- Organisere samarbeid med fagmiljø for å kunne vere eit kompetansesenter
- Formidle informasjon om norsk mote og organisere marknadsframstøytar
- Behandle, formidle og organisere næringsutviklingstiltak i samarbeid med det statlege verkemiddelapparatet
(Kjelde: Norsk form)
Det var nærings- og handelsminister Sylvia Brustad som stod for den offisielle opninga.
Kronprinsesse Mette-Marit er verje for Norsk Designråd.
