Ny regjering utnemnd
Hans Majestet Kongen utnemnde i statsråd i dag ny regjering og Jonas Gahr Støre til Noregs nye statsminister.
14. oktober 2021

Kongen har ei viktig konstitusjonell rolle ved regjeringsskifte. Formelt var det Kong Harald som gav Støre i oppdrag å danne ei ny regjering, da tidlegare statsminister Erna Solberg leverte avskjedssøknaden sin tysdag denne veka.

Den avtroppande regjeringa fungerte som forretningsministerium med avgrensa autoritet inntil den nye regjeringa var på plass.
I løpet av dagen er det vorte halde to statsråd på Slottet.
Regjeringa Solberg kom til sitt siste statsråd med Kong Harald og Kronprins Haakon klokka 10 i dag. Under statsrådsmøtet vart ny statsminister og nye regjeringsmedlemmer utnemnde med verknad frå klokka 12.00 i dag. Dette var regjeringa Solbergs siste embetshandling med Kongen i Statsråd.

Rett før klokka 12 i dag kom den nye regjeringa til Slottet for sitt første statsråd. Under dette statsrådsmøtet vart dei forskjellige departementa formelt fordelte mellom regjeringsmedlemmene. Vidare vart ei rekkje statssekretærar utnemnde av Kongen i Statsråd.
Den nye regjeringa kom ut på Slottsplassen etter statsråd for å møte folk og presse.

Regjeringsskifte 2021


