Hopp til innholdet

Nye smarte, norske løysingar

H.K.H. Kronprins Haakon var på eit BI-seminar om grøn innovasjon i går. Seks bedrifter fekk vist fram korleis dei kan alt frå å redusere matsvinn til å erstatte regnskogtømmer med produkta sine.

12. mai 2017

Kronprins Haakon hilser på konferansier Per Espen Stoknes. Foto: Torbjørn Brovold, BI Oslo

Kronprinsen deltok på den delen av seminaret som skulle gje deltakarane inspirasjon frå bedrifter som har vore i front på grøn innovasjon.

Lyse Fiber-direktør Ane Marte Hausken og Otovo-gründer Andreas Thorsheim snakka optimistisk om energi, særleg solenergi.

Kristen Hovland, dagleg leiar i Keep-it Technologies, fortalde om korleis haldbarheitsmålarane deira for mat kan redusere matsvinnet. Kvart år blir det kasta 350 000 tonn etande mat i Noreg. Over 60 prosent av matsvinnet stammar frå privathushald. Ei lita brikke med eit innebygd termometer måler haldbarheita til ulike matvarer ut frå transport og oppbevaring. Målaren fortel om det er trygt å ete maten uavhengig av best-før-datoen på pakken.

Christian Jebsen er administrerande direktør i Kebony, som sel berekraftig, eksklusivt og vedlikehaldsfritt treverk til 32 land. Han delte sine erfaringar med seminardeltakarane, i tillegg til Tina M. Skagen i eSmart og Kjell F. Løvold i Cultura Bank.

Kronprinsens besøk til Handelshøyskolen BI i Oslo vart avslutta med ein lunsj der BI-rektor Inge Jan Henjesand og ansvarlege for seminaret deltok.

BI-seminar om grønn innovasjon

Kronprins Haakon hilser på konferansier Per Espen Stoknes. Foto: Torbjørn Brovold, BI Oslo
Kronprinsen i følge med professor Jørgen Randers. Foto: Torbjørn Brovold, BI Oslo