Hopp til innholdet

OL-elden tend i London

DD.HH.KK. Kronprinsen og Kronprinsessa var til stades da idrettsutøvarar i Noregs OL-tropp marsjerte inn på Det olympiske stadionet i London med OL-padlar Mira Verås Larsen som norsk flaggberar.

28. juli 2012

18 minutt over midnatt lokal tid opna H.M. Dronning Elizabeth dei 30. olympiske sommarleikane i London. Det er tredje gong London er vertsby for dei olympiske leikane i moderne tid, noko IOC-president Jacques Rogge òg trekte fram i sin tale:

På ein måte kjem OL heim i kveld. Her er den moderne sportens vogge, sa IOC-presidenten og peika på sportsånd og fair play. Rogge hadde òg ein klar bodskap til utøvarane om å seie nei til doping.

La leikane begynne

Sju unge britiske idrettsutøvarar fekk æra av å tenne den olympiske elden. Saman.

Opningsseremonien vart avslutta av sir James Paul McCartney, Beatles-klassikaren «Hey Jude» og eit storslege fyrverkeri.

Noregs OL-tropp

Dei olympiske sommarleikane i London varer fram til 12. august. I dei neste 16 dagane skal 204 nasjonar og rundt 10 500 utøvarar i den olympiske elden.

Noregs OL-tropp består av 64 idrettsutøvarar. Alt laurdag skal fleire norske medaljekandidatar i aksjon, blant anna syklistane, roarane, symjarane og det kvinnelege handballandslaget.

Mottaking på Buckhingham Palace

Før opningsseremonien var Kronprinsparet til stades på Dronning Elizabeths mottaking for statsoverhovud på Buckhingham Palace. Kronprins Haakon er i OL-byen fram til måndag, mens Kronprinsesse Mette-Marit reiser tilbake til Noreg på søndag. Ho kjem rett frå USA, der ho har delteke på den 19. internasjonale aidskonferansen i Washington D.C.

OL i London

OL-padler og flaggbærer for Norge Mira Verås Larsen under åpningsseremonien under OL i London (Foto: Heiko Junge, NTB scanpix)
Kronprinsparet på Olympic Stadion under åpningsseremonien for OL i London (Foto: Lise Åserud, NTB scanpix)
Den olympiske stadion i London under åpningsseremonien 27. juli 2012 (Foto: Heiko Junge, NTB scanpix)
Kronprinsparet i OL-troppens representasjonsantrekk før avreise til mottakelsen på Buckhingham Palace fredag 27. juli 2012 (Foto: Erik Johansen, NTB scanpic)