Opna det første klimahuset i Norden
Tysdag var det endeleg klart for opninga av Universitetet i Oslo og Naturhistorisk museum sitt utstillingshus om klima og klimaendringar. Den Høgvørde Kronprins Haakon stod for den offisielle opninga.
16. juni 2020

«Det er kjenslene – det å oppleve å vere ein del av noko veldig stort og vakkert – som driv meg. Det er djupast sett kjelda til engasjementet mitt for klima og miljø. Og kanskje har fleire det som meg?» spurde Kronprinsen publikum under opningsseremonien.
Den formelle opninga vart gjennomført ved at Kronprinsen sådde ein frøpose i ei blomsterpotte. Dette skal seinare plantast ut og bli ein del av plantinga utanfor Klimahuset.
Klimahus for ungdom
Klimahuset skal fungere som ein stad for læring, spesielt retta mot ungdom. Her skal det bli tilbode formidling for elevar frå ungdomsskole og vidaregåande skole. Bygget, som består av både eit amfi og ein utstillingsdel, skal gje oppdatert, forskingsbasert kunnskap om klima. Både korleis klimasituasjonen er i dag, forskjellen på naturleg og menneskeskapt klimaendring og kva for nokre konsekvensar ulike scenario vil ha for framtida.
«For sjølv om mange av oss blir drivne av kjenslene for naturen, er det fornuft, fakta og vitskap som må vere grunnstoffa når vi diskuterer berekraft», sa Kronprinsen.
Utstillinga har ein eigen del som handlar om handling. Målet er å inspirere barn og unge til å få eit medvite forhold til si eiga rolle i klimakampen. Her blir dei aktiviserte ved å ta medvitne val og standpunkt, før dei får høve til å komme med si eiga klimautsegn.

Klimahuset
Klimahuset er eit 650 kvadratmeter stort bygg som ligg i Botanisk hage på Tøyen i Oslo. Bygget er ein del av Naturhistorisk museum og er eigd av Universitetet i Oslo. Huset er teikna av Lund Hagem Arkitekter og Atelier Oslo. Bygget skulle eigentleg opne tidlegare i vår, men opninga vart utsett på grunn av koronapandemien. Til hausten er bygget klart til å ta imot skolebesøk.
Åpning av Klimahuset




