Opna Innovation House
Den Høgvørde Kronprins Haakon opna Innovasjon Norges Innovation House i Palo Alto, California i dag. Huset tilbyr mellombels kontorplass for norske verksemder som prøver å etablere seg i Silicon Valley.
24. oktober 2011
Innovation House er eit signaturbygg i sentrum av Palo Alto og tilbyr norske selskap å leige fullt utstyrte kontorlokale eller eit "virtual office" i ein etableringsfase. Dei deler det da med andre selskap og med dei fast tilsette i Innovasjon Norge. I tillegg bistår Innovasjon Norge med eit nettverk av mentorar, rådgjevarar og kvalitetssikra tenestetilbydarar – verdifulle kontaktar som hjelper selskapa å lykkast med dei amerikanske satsningane sine.
With this tweet, I hereby declare ...
Det var ikkje noka tradisjonell snorklipping i dag. I staden var det ein tweet som opna det nye huset:
"In high-tech Silicon Valley, traditional ribbon-cutting seems rather obsolete. Without further ado, I will therefore declare Innovation House open on Twitter", sa Kronprins Haakon og sende meldinga ut på @InnovasjonNorge. Før ho vart re-tweeta av @Kronprinsparet.
Næringsminister Trond Giske var blant dei som var til stades, og han følgde opp Kronprinsens melding med sin eigen re-tweet.
Mottaking
Etter opninga vart høvet markert med ei mottaking i regi av Innovasjon Norge og det norske konsulatet. Om lag 100 gjester var til stades, deriblant mange representantar for norske selskap i området og dei amerikanske samarbeidspartnarane deira. Ni norske verksemder fekk høve til å presentere seg sjølve - mange av dei innanfor eller basert på informasjonsteknologi. I talen sin understreka Kronprins Haakon kor viktig eit tilbod som Innovation House er:
If Norwegian companies are to keep track with the "changing times" and understand the technological trends that will influence the world in the years to come, a permanent presence here in Silicon Valley is vital. The opening of Innovation House reflects Norway's desire to take an active part in exploring new research and technology frontiers.
(...)
As a tiny community that has had disproportionate impact in relation to its size, Silicon Valley has become a buzzword for technological innovation. A presence here will enable Norwegian start-ups and small companies to innovate, network, and explore new business opportunities with technology experts, investors and other entrepreneurs.

