Opna Munch-Picasso-utstilling i Spania
I kveld opna utstillinga “Munch-Picasso” på Museo Picasso Málaga. Dronning Sonja stod for den offisielle opninga i fødebyen til Pablo Picasso.
29. oktober 2026

– Picasso og Munch tilhøyrde ulike kunstnarlege tradisjonar og utvikla svært forskjellige visuelle uttrykk. Likevel hadde dei noko grunnleggande til felles: motet til å utfordre konvensjonar og ein ekstraordinær trong til å utforske og fornye kunsten, sa Dronning Sonja i opningstalen sin.
Ho trekte også fram sitt personlege forhold til kunsten til dei verdskjende kunstnarane Edvard Munch og Pablo Picasso.
– I Noreg blir vi kjende med Munch frå vi er små, og kunsten hans har følgt meg gjennom heile livet, både personleg og i mi offisielle rolle. Så medan Munch har vore ein følgjesvenn gjennom heile livet, har Picasso frå tid til annan funne vegen inn i heimen min, og kanskje også inn i mitt eige kunstnarlege arbeid.

Om utstillinga
Utstillinga set to av dei mest betydningsfulle kunstnarar i Europa i dialog med kvarandre. Kuratorane har ønskt å undersøke kunstnarlege forbindelsar, blant anna ved å sjå på korleis dei framstilte kvinner, deira framstilling av kroppen og gjensidig kunstnarisk påverknad mellom dei to.
Utstillinga presenterer meir enn 100 verk og er basert på innlån frå blant anna museum og samlingar i Noreg, Frankrike og Spania.
Pablo Picasso (1881–1973) blei kjend med kunsten til Edvard Munch (1863–1944) allereie på slutten av 1890-talet gjennom det katalanske miljøet rundt kunstnarkafeen Els Quatre Gats i Barcelona. Seinare, i Paris, kom Picasso i direkte kontakt med verka til den norske kunstnaren, som fleire gonger blei stilte ut ved Société des Artistes Indépendants. Kunstnarane si felles deltaking på den berømte Sonderbund-utstillinga i Köln i 1912 er det viktigaste historiske møtepunktet deira.
Munch-Picasso




Kondolanse
Opninga blei noko nedtona og festmiddagen etter opninga blei kansellert som følgje av togulykka i Spania i går der over 60 menneske omkom. Dronning Sonja opna talen under utstillingsopninga med å uttrykke si medkjensle.
– Tankane mine går til alle som har mista sine kjære, til familiane og vennene deira, og til alle som er berørte av denne tragiske hendinga. Eg vil uttrykke mi djupaste medkjensle og kondolanse med alle som sørgjer i denne vanskelege tida, sa ho.
I går sende Hans Majestet Kongen kondolansane sine til Hans Majestet Kong Felipe av Spania.
– På vegner av meg sjølv og det norske folket ønskjer eg å uttrykke mi oppriktige medkjensle med deg og det spanske folket og ber deg om å vidarebringe mi djupaste medkjensle til dei etterlatne familiane og alle andre som er berørte av denne tragiske hendinga.


