Opna Norsk skogfinsk museum
Hennar Majestet Dronninga opna det nye museumsbygget på Svullrya i hjartet av Finnskogen. Saman med leiaren for Unge Skogfinner, Marikken Bruvold, klippa ho over ei snor kledd med bjørkenever.
27. oktober 2025

– Museet har blitt fantastisk flott. Det er som ein katedral, med stolpar som gjev inntrykk av at vi er ute i skogen, sa Dronning Sonja mot slutten av besøket.

– Her formidlar ein historia til skogfinnene på ein fantastisk fin måte. Eg håpar mange vil få glede av og meir kjennskap til skogfinnene sin kultur. Det er ganske fascinerande å dykke ned i noko ein ikkje kjenner veldig godt, men som ein vert kjend med.
Dronninga peika vidare på at den skogfinske kulturen er ein del av Noreg si historie, noko vi må ta vare på.
Skogfinnene har status som éin av dei fem nasjonale minoritetane i Noreg – ei folkegruppe med langvarig tilknyting til landet saman med romanifolket, rom, jødar og kvenar. Nemninga skogfinner vert i dag brukt om etterkommarane etter finner som innvandra til Sverige frå slutten av 1500-talet, og vidare til det sør-austlege Noreg frå 1640-åra.

Det har tatt 25 år å få på plass det nye museet. Opninga vart markert med talar, snorklipping, omvising og servering av den skogfinske retten Motti – rista havremjøl – servert med steikt flesk, fleskefeitt og tytebær.

Norsk skogfinsk museum






