Hopp til innholdet

Opna ny E18

H.M. Kongen stod for den offisielle opninga av den nye vegstrekninga på E18 mellom Grimstad og Kristiansand onsdag. Opninga vart gjord ved Gaupemyr rett ved Lillesand.

27. august 2009

Til stades var òg samferdsleminister Liv Signe Navarsete, som heldt opningstalen. Ho understreka både kor viktig vegnettet er for å knyte landet saman, og kor viktig det er å sikre vegar som kan bidra til at ulykkene blir færre. Den nye strekninga med firefelts motorveg er eit viktig bidrag til samferdsla i agderfylkene.

Vegbygginga har vore eit stort samarbeidsprosjekt der heile 26 nasjonar har bidrege. Dette var symbolisert med ei flott flaggborg som omkransa seremonistaden, og der flagg frå alle landa var med.

Kong Harald stod for den offisielle opninga av vegen ved å skjere over eit band som var strekt over vegbanen. Dette vart gjort med ein flott tollekniv som Kongen dessutan fekk i gåve.

E 18

Kongen klipper snoren som markerer den offisielle åpningen av den nye E 18-parsellen (Foto: Tor Erik Schrøder, Scanpix)
Kongen med ordfører Arne Thomassen og vegdirektør Terje Moe Gustavsen prøvegår nye E18-parsellen (Foto: Tor Erik Schrøder, Scanpix)