Opna nye Stavanger universitetssjukehus
Den Høgvørde Kronprins Haakon klipte snora då nye Stavanger universitetssjukehus vart offisielt opna.
18. januar 2026

Opninga markerte eit viktig steg i utviklinga av helsetenestene i regionen. Det nye sjukehuset er blant dei største og mest moderne sjukehusprosjekta i Noreg, og er utforma for å leggje til rette for heilskaplege pasientforløp, effektiv drift og gode arbeidsforhold for dei tilsette.
Under besøket fekk Kronprinsen orientering om funksjonane og tilboda ved sjukehuset, samt om korleis bygget og organiseringa er tilpassa framtidas behov innan pasientbehandling, forsking og utdanning. Kronprinsen møtte òg representantar for leiinga og dei tilsette ved sjukehuset.
Etter opninga besøkte Kronprinsen Laerdal Medical. Selskapet utviklar utstyr og løysingar for opplæring i livreddande behandling, og er internasjonalt anerkjent for arbeidet sitt innan medisinsk simulering og pasienttryggleik.
