Opne plassar i Domkyrkja
Eit avgrensa tal på billettar blir lagde ut for dei som ønskjer å vere til stades på markeringa av Kronprinsparets 10 års bryllaupsdag i Oslo Domkyrkje.
11. august 2011
Gudstenesta blir halden torsdag 25. august klokka 15.00.
I tillegg til inviterte gjester frå det offisielle Noreg, venner og familie, og menneske frå miljø Kronprinsparet har samarbeidd med gjennom mange år, ønskjer Kronprinsparet å stille 200 plassar til disposisjon for dei som har lyst til å delta.
Inngangskort Oslo Domkyrkje
Inngangskorta er gratis og kan hentast på Oslo Domkyrkjes soknekontor i Kirkeristen, Karl Johans gate 11, tysdag 16. august frå klokka 16.00 til 18.00, maks 2 per person.
Dersom det er fleire inngangskort igjen, blir det òg mogleg å hente dei same stad, same klokkeslett dagen etter. Det blir ikkje mogleg å førehandsreservere. Korta må visast fram ved inngangen til Domkyrkja 25. august.
Universitetsplassen
For dei som ikkje får plass i Domkyrkja, blir det òg mogleg å ta del i det etterfølgjande arrangementet på Universitetsplassen klokka 16.00, der 10-årsjubileet for Kronprinsparets Fond skal markerast.
