Opplysningsvesenets fond 200 år
I mange generasjonar har midlar frå Opplysningsvesenets fond bidrege til utdanning og opplysning i Noreg. H.M. Dronning Sonja var til stades på jubileumsfesten til ein av dei største grunneigarane i landet på Vestre Aker prestegard.
20. august 2021

Fondet eig prestegardar, skog og næringseigedom over heile Noreg.
Feiring på tunet
Opplysningsvesenets fond inviterte til feiring i det koselege prestegardstunet på Blindern i Oslo med underhaldning av vokalist Solveig Slettahjell og framføring av bestillingsverk om prestegardar ved musikar Geirr Lystrup. Komikar Robert Stoltenberg opptredde som vaktmeister Narvestad og som prest.
Anne Lindmo leidde festframsyninga og fortalde om eigen oppvekst på ein prestegard på Toten.
Midt på tunet på prestegarden planta Dronninga tuntreet Dronningeika – som ei markering av dagen.

Grunnlovfesta i 1814
Opplysningsvesenets fond vart grunnlovfesta av eidsvollsmennene i 1814 og oppretta i 1821.
Avkasting frå eigarskap og sal av prestegardar skulle bidra til utdanning og opplysning i Noreg. Ein av dei viktigaste grunnane til at OVF vart oppretta, var å sikre nødvendige bidrag til det nyoppstarta Universitetet i Oslo.
Ikkje berre prestebustader
I dag er fondet ein av dei største grunneigarane i landet og skal som kapitalforvaltar skape verdiar for Den norske kyrkja. Fondet arbeider med både å selje prestegardar og å finne annan bruk av prestegardar med særleg stor kulturhistorisk verdi.
Sidan 2015 har ikkje prestar lenger plikt til å bu på prestegardar, og mange prestegardar blir i dag fylte med anna innhald. Vestre Aker prestegard skal no bli nabolagshus med kafé og blomsterbutikk.

Opplysningsvesenets fond 200 år


