Orientering om kunstig intelligens og valpåverknad
Den Høgvørde Kronprinsregenten fekk orientering om kunstig intelligens (KI) og korleis teknologien kan påverke valprosesser. Niels Schia og Bente Kalsnes, medlemar av regjeringa si ekspertgruppe, presenterte hovudfunn frå rapporten om KI og valpåverknad.
24. mars 2025

Ekspertgruppa har vurdert korleis KI har blitt brukt under val i 2024, særleg i sosiale medium og gjennom KI-generert innhald. Rapporten åtvarar om at KI kan forsterkje eksisterande truslar, som skjult valpåverknad, og gjere påverknadsoperasjonar meir effektive.
Blant tilrådingane er at valstyresmaktene må ha naudsynt kompetanse på KI, at det bør vere betre samarbeid mellom styresmakter og teknologiselskap, og at politiske aktørar må gjerast ansvarlege. Ekspertgruppa understrekar òg behovet for rask implementering av EU-lovverk som DSA og KI-forordninga.

– Rapporten er eit viktig bidrag til arbeidet med å sikre norske val. No skal vi setje oss godt inn i rapporten og tilrådingane frå ekspertgruppa, slik at vi kan vere best mogleg førebudd til årets og framtidige val, sa kommunal- og distriktsminister Kjersti Stenseng då ekspertgruppa leverte rapporten sin i februar.
Les meir om regjeringa sitt ekspertutval og rapporten.
