Hopp til innholdet

Øving Gemini

H.M. Kongen inspiserte Øving Gemini onsdag. Øvinga er den viktigaste sivil–militære samvirkeøvinga i 2009, og samarbeid mellom Forsvaret og Politiet står sentralt.

29. mai 2009

Øvinga har fokus på kontraterroroperasjonar i offshoresektoren. Relevante avdelingar i Forsvaret, Forsvarets operative hovudkvarter, Politiet og relevante sivile instansar deltek. Kongen besøkte først Ørland Hovudflystasjon, der han vart brifa om øvinga og dei deltakande avdelingane og instansane. Deretter fekk han demonstrert ein koordinert kontraterroroperasjon.

Til slutt gjekk turen til Kristiansund, der Kongen besøkte øvingsleiinga.

Forsvarets Veteransenter

Tysdag besøkte Kong Harald Forsvarets Veteransenter på Bæreia ved Kongsvinger.

Veteransenteret feira 50 år som rekreasjonsstad for veteranar, og saman med Forsvarsministeren og Forsvarssjefen fekk Kongen ei kort omvising ved senteret. Her vart det særleg lagt vekt på treningsfasilitetane, med utgreiing frå fysiotrerapeuten ved senteret og samtale med veteranar som trena.

Deretter samtalte Kongen med veteranar over ein kopp kaffi, vaflar og blautkake.

Gemini

Kong Harald besøker øvelse Gemini sammen med forsvarssjef Sverre Diesen (Foto: Lars Magne Hovtun / Forsvaret / Scanpix)