Paralympiske leikar avslutta
Dei paralympiske leikane i Vancouver vart avslutta søndag 21. mars. Dei norske utøvarane tok 6 medaljar totalt, 1 gull, 3 sølv og 2 bronse, og Noreg vart dermed nummer 12 på medaljestatistikken.
23. mars 2010
Prinsesse Märtha Louise var til stades da kjelkehockeylaget tok bronsemedalje etter å ha vunne 2-1 over heimefavoritten Canada. Det var berre tre sekund att av kampen da Eskil Hagen scora sigersmålet
Omvisning i utøvarlandsbyen
Fredag føremiddag fekk Prinsessa omvising utøvarlandsbyen i Vancouver følgd av chef de mission Cato Zahl Pedersen. Både kjelkehockeylandslaget og curlinglandslaget budde i utøvarlandsbyen under Paralympics.
Prinsessa møtte utøvarane i fellesområda i landsbyen, men fekk òg sjå nokre av leilegheitene deira.
Mottaking
Fredag ettermiddag hadde ambassadør Else Berit Eikeland invitert utøvarar, følgje, nordmenn i British Columbia og andre gjester til ei hyggeleg mottaking på Royal Vancouver Yacht Club.



