Hopp til innholdet

Pølsefest i Skimuseet

Hans Majestet Kong Harald vart feira med pølsefest i kveld. Kongefamilien og over 100 unge langrennsløparar frå heile landet deltok.

11. mars 2017

Kong Harald på pølsefesten i Skimuseet sammen med over 100 unge langrennsløpere. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff

I morgon konkurrerer langrennsløparane i ein stafett i Kongens namn – Kong Haralds ungdomsstafett. Skirennet er 80-årsgåva til Kongen, og bak står Skiforeningen, Noregs Skiforbund og Noregs idrettsforbund.

Skiungdommen talte til Kongen

Før det vart servert pølser og brød, brus og kanelbollar, var det talar til den skiinteresserte jubilanten. To representantar for skiungdommen talte til Kongen – Lars Young Vik frå Vestre Akers Skiklubb i Oslo og Frida Haugskott frå Buvik Idrettslag i Sør-Trøndelag.

– Det er sjølvsagt ikkje tilfeldig at norsk idrett har gjeve Kongen ein ungdomsstafett i 80-årsgåve. Kongen er både ungdommeleg og veldig oppteken og glad i idrett. Og samtidig er Kongen veldig glad i ein retteleg pølsefest, akkurat som vi ungdommar, sa langrennsløpar Frida Haugskott til smil og latter frå 80-årsjubilanten og dei andre som var til stades.

Alle stemte i med «Hurra for deg», og så var maten servert. Kongefamilien samtalte med fleire spente langrennsløparar i løpet av pølsefesten.

Kongen fekk ærespris

Kong Harald vart òg tildelt prisen The King Olav Trophy av styreleiar Jon Hindar i Skiforeningen. Prisen blir gjeven til personar som har gjort ein særleg innsats for å fremje skiidrett på internasjonalt nivå.

The King Olav Trophy. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet


Det var Kongen som sjølv overrekte prisen sist han vart utdelt. Det skjedde i februar 2016 da tidlegare skipresident og visepresident i Det internasjonale skiforbundet FIS Sverre Seeberg fekk prisen. Sverre Seeberg var òg til stades på pølsefesten i Skimuseet og talte til 80-årsjubilanten saman med idrettspresident Tom Tvedt og skipresident Erik Røste.

Prisen er ein kopi av skimonumentet over Kong Olav på ski, saman med hunden Troll. Statuen er laga av bilethoggaren Annasif Døhlen og står ved Holmenkollen skianlegg.

Holmenkollen skifestival

Tidlegare i dag har Kongen følgt kombinert og femmila i følgje med Prinsesse Astrid, fru Ferner. Før pølsefesten var det laghopp i Holmenkollbakken, der Austerrike gjekk heilt til topps før Tyskland og Polen og med Noreg på ein fjerdeplass.

Martin Johnsrud Sundby helsar på ein tilskodar etter sigeren på femmila i Holmenkollen. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Holmenkollen 2017: pølsefest

Kong Harald på pølsefesten i Skimuseet sammen med over 100 unge langrennsløpere. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff
Kong Harald og prinsesse Märtha Louise snakker med ungdommer på pølsefesten i Skimuseet i Holmenkollen. Foto: Audun Braastad, NTB scanpix
Lars Young Vik fra Vestre Akers Skiklubb i Oslo og Frida Haugskott fra Buvik Idrettslag i Sør-Trøndelag taler til Kongen. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff
Kongen ble tildelt King Olav’s Trophy på pølsefesten i Skimuseet 11. mars 2017. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelige hoff
Kong Harald hilser på ordfører Marianne Borgen, Birger Magnus (FIS) og skipresident Erik Røste idet han ankommer Kongetribunen i forkant av langrenn 50 km. klassisk, menn. Foto: Berit Roald, NTB scanpix
Vinneren av femmila, Martin Johnsrud Sundby, hilser på Kong Harald etter sigeren. Foto: Terje Bendiksby, NTB scanpix
Vinneren av lørdagens femmil, Martin Johnsrud Sundby, sammen med en ivrig tilskuer. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelige hoff
Kongen hilser på vinneren av kombinert i Holmenkollen 2017, Akito Watabe. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelige hoff
Prinsesse Astrid sammen med Akito Watabe, vinneren av kombinert i Holmenkollen. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelige hoff