Hopp til innholdet

Rein mote i New York

Tysdag kveld, lokal tid, var H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit til stades da den norske designaren Nina Skarra vart lansert i New York.

9. mai 2012

Kolleksjonen vart lansert under eit arrangement i residensen til den norske generalkonsulen, Sissel Breie.

Blir lansert i USA

Etter å ha arbeidd som illustratør og Art Director starta Nina Skarra ein karriere innan klesmote i 2005. Den første kolleksjonen vart lansert i 2008, og Skarra er i dag godt etablert i Europa. No står USA for tur.

Nordisk og berekraftig

Nina Skarra kombinerer nordisk design, med vekt på det enkle og stilreine, med eit stort engasjement for ein grøn og berekraftig produksjonsprosess. Dette omfattar heile vandringa til produktet, frå råstoff, via produksjon, til gjenbruk og avfallshandtering.

Materiala som blir brukte, er reine naturmateriale, som silke, ull og økologisk bomull. Alle ledd i produksjonsprossessen blir søkt dokumentert, slik at alt skal kunne ettersporast.

Kronprinsessa har støtta norsk design og arkitektur ved fleire høve, blant anna på designutstillinga 100 % Norway i London og på utstillingar med norsk arkitektur i Thailand, Malaysia og Mexico.

Pure fashion

Kronprinsesse Mette-Marit var til stede på Nina Skarras lansering i New York ( Foto: Pontus Höök / NTB scanpix)
Nina Skarra vektlegger bærekraft gjennom hele prosessen (Foto: Pontus Höök / NTB scanpix)