Hopp til innholdet

Riksrevisjonen feirar 200

H.K.H. Kronprinsen var til stades da Riksrevisjonen feira 200 års-jubileum med eit festarrangement i Operaen i Oslo.

17. juni 2016

Arrangementet finner sted i Operaen i Bjørvika. Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Statsminister Erna Solberg og stortingspresident Olemic Thommesen heldt begge talar i høve feiringa, i tillegg til riksrevisor Per Kristian Foss og Josef Moser. Sistnemnde er generalsekretær for paraplyorganisasjonen The International Organization of Supreme Audit Institutions (Intosai). Den Austerrike-baserte organisasjonen jobbar med korleis nasjonale ressursar best kan utnyttast.

Tenor Marius Roth Christensen, sopran Marita Sølberg, solist Aksel Johannes Rykkvin og pianist John Lidal stod for dei musikalske innslaga. NRKs Jon Almaas leidde kvelden.

Stortingets kontrollorgan

Riksrevisjonen er Stortingets kontrollorgan, men er uavhengig av regjeringa og forvaltninga. Dei skal bidra til at fellesskapets ressursar blir brukte i tråd med det Stortinget har bestemt. Visjonen deira er «Betre offentleg ressursbruk».

Jubileumskonserten føyer seg inn i rekkja av arrangement som skal markere Riksrevisjonens 200-årsfeiring. Det er alt halde fleire fagseminar, kalla «Riksrevisjonen i verda» og «Riksrevisjonen i framtida».

Jubileumsboka «Riksrevisjonens historie 1816–2006» vart lansert 19. mai.

Riksrevisjonen

Kronprins Haakon ble ønsket velkommen av (f.h.) produsent Trond Myhre, ballettsjef Ingrid Lorentzen og riksrevisor Per-Kristian Foss. Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Arrangementet finner sted i Operaen i Bjørvika. Foto: Berit Roald / NTB scanpix