Hopp til innholdet

Rullatorfestival på Jessheim

Fredag var H.K.H. Kronprinsessa til stades ved Rullatorfestivalen på Jessheim. Rundt 40 deltakarar var med i løpet, som vart arrangert som ein del av Eldres kulturuke i Ullensaker.

30. september 2008

Kronprinsessa stod samtidig for den offisielle opninga av Romsaasparken på Jessheim, der festivalen gjekk føre seg. Parken er spesielt godt tilrettelagd for brukarar av både rullatorar og rullestolar.

– Eg synest Ullensaker kommune har gjort ein stor innsats for å få til dette. Det er veldig viktig at lokalsamfunn går saman slik som på Jessheim og får til eit slikt tilbod til eldre, uttalte Kronprinsessa etter arrangementet.

Rullatorfestival

Kronprinsessen åpnet Romsaasparken og Rullatorfestivalen under Eldres Kulturuke på Jessheim (Foto: Karoline Masumi Nordeide, Scanpix)