Seminar på Sundvolden
I dag deltok Kronprinsparet på seminaret Ledelse for framtiden – Framtidens ledere. Seminaret vart arrangert av Arbeidsinstituttet Buskerud og Lent i samarbeid med blant anna Kronprinsparets fond.
18. april 2013

Korleis skape ei vidaregåande opplæring og ein skolekvardag som fremjar livslyst hos alle? Korleis få fleire kvalifiserte ungdommar i gang med studiar, ut i arbeid? Korleis auke motivasjon og entusiasme hos både lærarar, arbeidstakarar og leiarar?
Dette var tema på seminaret i dag.
Aksjonsforsking i praksis
Seminaret på Sundvolden har gått over to dagar. I går fekk deltakarane, som består av elevar, lærarar og skoleleiarar, erfaring med grunnprosessen Appreciation Inquiry – ei eiga tilnærming frå aksjonsforskinga. Gjennom denne introduksjonen vart elevar og lærarar i stand til å vere aktive medlærarar og gruppeleiarar på dag to av seminaret – da leiarar frå næringsliv, offentleg sektor og politisk nivå var inviterte.
I dag deltok Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit saman med NHO og andre leiarar. I samarbeid med elevar og lærarar nytta dei teknikkane frå aksjonsforskinga for å foreslå tiltak for å motivere til utdanning og arbeid.
Kronprinsparets fond
Kronprinsparets Fond ønskjer å fange opp ungdom som av ulike og ofte samansette årsaker risikerer å falle utanfor. Fondet set søkjelys på den avgjerande livsfasen som ungdomstida er – ved å motivere og leggje til rette for at ungdom kan bruke evnene sine og ta ut potensialet sitt.
Arbeidsinstituttet er eit av prosjekta fondet samarbeider med.



