Ski-VM i Trondheim
Eit ski-VM på heimebane er over – tolv dagar med 31 øvingar, 700 utøvarar, 2500 frivillige og eit publikum som skapte stemning uansett ver.
11. mars 2025

Representantar for Kongehuset var til stades under heile meisterskapet og kunne gratulere nye verdsmeistrar i langrenn, kombinert og hopp.
Team Pølsa
Det var mange skiheltar i aksjon under VM i nordiske grenar, men fredag 28. februar var det nokre heilt spesielle heltar som tok plass i langrennsløypene i Granåsen. Til jubel frå 9000 skuleelevar på tribunene gjekk gjengen frå «Team Pølsa» eit imponerande løp i VM-anlegget.
Etter løpet vart dei seks ungdommane med ulike funksjonsnedsetjingar tekne imot av Hennar Majestet Dronninga og Kronprinsparet på kongetribunen, slik alle vinnarane vart under ski-VM i Trondheim.
Historisk VM-dag
Onsdag 5. mars var ein historisk dag i Granåsen i Trondheim. For første gong stod paralangrenn på VM-programmet. Frå tribunen heia Kongeparet og Den Høgvørde Kronprinsen.

Det vart kåra vinnarar for kvinner og menn i dei tre klassane ståande, sitjande og synshemma. Høgast var kanskje jubelbrølet i Granåsen då Vilde Nilsen frå Noreg gjekk inn til gull i klassen sin.
Noreg beste nasjon
Noreg vart beste VM-nasjon med 13 gull, 11 sølv og 8 bronse. Det vart òg mykje å juble for sett med svenske auge. Sverige tok elleve medaljar, der seks var gull – til glede for dei svenske gjestene på tribunene.
Johannes Høsflot Klæbo vart den første i historia til å vinne seks gull av seks moglege i eit ski-VM.

Ski-VM i Trondheim for andre gong
Kronprins Haakon har vore ein del av hovudkomiteen for VM i Trondheim, etter invitasjon frå Noregs Skiforbund, og har følgt planlegginga tett.
Han deltok òg på ulike aktivitetar under meisterskapet. Kronprinsen vart med løypepatruljen ut på oppdrag, fekk vere med å køyre løypemaskin og besøkje avfallssorteringa i Granåsen – ein viktig del av arbeidet med å gjere VM meir berekraftig.
Trondheim arrangerte for andre gong VM i nordiske greiner. Første gong var i 1997.

Ski-VM 2025





