Skrivekurs på Skaugum
– Å skrive ei bok er det motsette av å skrive på insta. Insta er 100 meter – roman er maraton! Skrivelysten ungdom fekk råd og tips av erfarne forfattarar da Kronprinsessa inviterte til skrivekurs.
29. april 2019

Den 8. mai legg Den Høgvørde Kronprinsessa ut på årets utgåve av Litteraturtoget – denne gongen med T-banen. Kronprinsessas Bokbane går frå Kolsås i Bærum til Stovner i Oslo. Som ein opptakt inviterte Kronprinsesse Mette-Marit ungdom til skrivekurs på Skaugum i dag – for å auke skrivelysta og inspirere til å skrive.
Skrivelysten ungdom
Ungdom frå åtte vidaregåande skolar var inviterte til kurset – alle med spesiell interesse for å lære meir om forfattarfaget. Dei kom frå Stovner, Hellerud, Etterstad, Persbråten, Ullern og Rosenvilde vidaregåande skolar, i tillegg til Oslo Handelsgymnasium og Oslo katedralskole.

Arne Svingen står bak bøker i ei rekkje genrar sidan debuten i 1999, men er kanskje mest kjend for spennande bøker for barn og unge. Han delte av sine erfaringar i dag. Det same gjorde Siri Pettersen – forfattaren av den populære serien Ravneringene.
– Les alt de kjem over om story structure, plot og layout, for i byrjinga veit ein ikkje kva ein driv med, rådde Siri Pettersen til. – Ikkje kast bort så mykje tid som eg gjorde.


