Hopp til innholdet

Skulepris til Firda vidaregåande

Hennar Majestet Dronninga delte ut Dronning Sonjas skolepris til Firda vidaregåande skule. Det er 12. gong prisen blir delt ut til ein skule som arbeider for likeverd og inkludering.

28. november 2017

I Newtonrommet: Firda har et samarbeid med den lokale barneskolen, og denne modellen lærer barna om hva flom kan bety for en by. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff

Dronninga vart motteken av elevrådsleiar Hanne Hjartholm og rektor Hallgeir Hansen da ho kom til skulen. Ho vart òg møtt med blomster og Nordfjordsongen, framført av elevar frå skulane i Sandane.

"Firda vidaregåande skule skil seg ut med ei gjennomtenkt tilnærming til inkludering og relasjonsbygging gjennom det langvarige arbeidet sitt for å sjå heilskapen rundt elevane.» Juryleiar Inga Bostad.

Meir enn ein skule

I år var 15 skular nominerte til Dronning Sonjas skolepris. Juryen har lagt vekt på at Firda vidaregåande skule er ”meir enn ein skule” og ser kvardagen til elevane i ein større samanheng. Over halvparten av elevane bur på hybel, og skulen har eit tett samarbeid med heimane der elevane bur.

Dronninga kjem til Firda vidaregåande skule. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Skulen arbeider for dialog som ein grunnleggjande verdi i alt den gjer, bruker systematiske skulevurderingar saman med elevar og skuleeigar og skil seg ut ved samarbeidet sitt med fylket, kommunen og lokalmiljøet. Elevmedverknad er grunnleggjande på skulen, og eit sterkt elevråd har ei sentral rolle i skuledemokratiet.

Dronninga delte ut prisen

Sjølve prisutdelinga skjedde i den store kultursalen ved skulen og vart innleidd med talar frå både kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og juryleiar Inga Bostad. Det var òg innslag med musikk og dans frå elevane før Dronninga delte ut prisen på 250 000 kroner og trykket "Vekst", laga av Dronning Sonja sjølv. Elevane bidrog òg med turn og diktopplesing, før Dronninga fekk høve til å møte ei rekkje av elevane under ei omvising på skulen.

I Newtonrommet: Firda har eit samarbeid med den lokale barneskulen, og denne modellen lærer barna om kva flaum kan bety for en by. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet


Besøket vart avslutta med ein lunsj der alle elevar og lærarar var inviterte.

Gloppen-modellen

I grunngjevinga si trekte juryen òg fram den såkalla ”Gloppen-modellen”. Dette er eit utdanningstilbod i helsefag til vaksne minoritetsspråklege som Firda vidaregåande skule har utvikla i samarbeid med NAV, Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Utdanninga fremjar språkopplæring, integrering og meistring gjennom praksis og har vorte ein naturleg del av skulebiletet.

Dronninga fekk helse på nokre av dei som nyttar seg av utdanningstilbodet i helsefag for vaksne minoritetsspråklege. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet


Skulen har òg utvikla eit nytt klima- og miljøfag, som skal ruste elevane til å møte det grøne skiftet. Det nye faget er eit pionerarbeid i Noreg.

Dronning Sonjas skolepris 2017

Dronningen avduket "Vekst" sammen med rektor Hallgeir Hansen. Elevrådsleder Hanne Hjartholm med diplomet som forteller at skolen er vinner av Dronning Sonjas skolepris 2017. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff
I Newtonrommet: Firda har et samarbeid med den lokale barneskolen, og denne modellen lærer barna om hva flom kan bety for en by. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff
I Newtonrommet: Firda har et samarbeid med den lokale barneskolen, og denne modellen lærer barna om hva flom kan bety for en by. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff
Dronningen fikk hilse på noen av dem som benytter seg av utdanningstilbudet i helsefag for voksne minoritetsspråklige. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff
Dronningen ankommer Firda Vidaregåande Skule. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff