Slottet ope for publikum
I dag opnar publikumssesongen på Det Kongelege Slottet. Slottet vil vere ope for publikum frå i dag, 21. juni, til 17. august. Publikum får ei guida omvising i dei vakraste representasjonsromma på Slottet.
21. juni 2008
I år fokuserer omvisingane på historia til Slottet og utforminga og funksjonen til romma. Det er òg sett opp ein monter i Store festsal i høve 100-årsjubileet for Fortenstmedaljen.
Ettersom medaljen vart innstifta i 1908, er det dekt eit bord i Store spisesal som viser korleis oppdekkinga ville ha vore ved ein festmiddag på den tida. Her blir det vist gjenstandar som Kong Haakon og Dronning Maud tok i bruk dei første åra som Noregs nye kongepar.
Dronning Maud fekk eit gedigent servise i kroningsgåve frå det engelske folket i 1906. Det bestod mellom anna av 24 forgylte dekkjetallerkenar, 140 sølvtallerkenar, forgylt dessertbestikk til 120 personar, fire forgylte kopiar i sølv av Warwick-urna og to forgylte kandelabrar. Serviset har seinare vorte komplettert, slik at det kan brukast ved store høve.
Warwick-vasane og kandelabrane er no utstilte som bordgarnityr i Store spisesal. Det er òg dekkjetallerkenar i sølv som var ein del av kroningsgåva frå det danske folket, og ei stor sølvurne som var ei gåve frå folket i Skottland.
Praktisk informasjon om omvisingar og billettar er tilgjengeleg via lenkelista.
Utstilling 2008





