Storslått opning av Orkesteråret 2024
I år fyller De Unges Orkesterforbund 50 år. Laurdag gjekk startskotet for jubileumsåret, kalla Orkesteråret, med opningskonsert i Oslo Konserthus. Hennar Majestet Dronninga deltok i feiringa.
29. januar 2024

På scena i konsertlokalet sat Oslo-filharmonien side om side med unge musikarar frå Vestre Aker strykeorkester og NOR59. Dei serverte ein hitparade av kjende melodiar og filmmusikkstykke under leiing av dirigent Aage Richard Meyer.

Jubileumsåret har fått ein eigen kjenningsmelodi, bestillingsverket "Festivity" av Ingebjørg Wilhelmsen, som opna konserten. Til opningsnummeret var det henta inn ytterlegare forsterkingar og unge musikarar frå fleire av jubilantens medlemsorkester.
Før konsertens siste nummer, "Pomp and Circumstance nr. 1” av Edward Elgar, reiste publikum seg, vifta med Orkesteråret-flagg og song “Vi elskar orkester. Vi spelar på lag,” til den høgtidelege melodien.

Kvar veke møtast 5500 barn og unge for å spele saman i eitt av landets 175 barne- og ungdomsorkester.
Organisasjonen for barne- og ungdomsorkester, kalla UNOF – De Unges Orkesterforbund, vart oppretta i april 1974. 50-årsjubileet vert markert med orkesterarrangement over heile landet gjennom heile 2024, frå Longyearbyen Symfoniorkester i nord til Obotigrene i Kristiansand i sør.
Dronning Sonja er De Unges Orkesterforbund og Oslo-filharmoniens høge beskyttar.

UNOF 50 år





