Hopp til innholdet

Støttekonsert for Japan

Ei rekkje norske artistar stilte i kveld opp til dugnad til inntekt for offera etter katastrofen i Japan. Den Høgvørde Kronprins Haakon fekk oppleve eit breitt musikalsk spekter, appellar og videoreportasjar frå Japan under konserten i Folketeateret i Oslo.

21. mars 2011

Den 11. mars vart Japan ramma av eit av dei kraftigaste jordskjelva verda har sett. Tsunamien som følgde, har krevd fleire tusen menneskeliv og har etterlate seg enorme øydeleggingar på den nordaustlege kysten av Japan.

Norske artistar med Trine Rein i spissen ville vise støtte og omtanke til Japan og fekk på kort tid sett opp kveldens konsert Gift to Japan. Songen ”The Earth is Trembling” er skriven i høve solidaritetskonserten og vart framført live frå scenen i Folketeateret.

Overskotet etter konserten går til Raudekrossens arbeid for offera etter jordskjelvet og tsunamien i Japan.

Gift to Japan

Kronprins Haakon møtte A1 før mandagens støttekonsert Gift to Japan på Folketeateret i Oslo (Foto: Scanpix)
Avslutningsnummeret under støttekonserten Gift to Japan på Folketeateret i Oslo (Foto: Scanpix)