Hopp til innholdet

Sykla til jobben

H.K.H. Kronprinsessa tok sykkelen til jobb i dag. Saman med representantar for Sykle til Jobben-aksjonen og fleire andre profilar la Kronprinsessa ut på den to mil lange turen frå Skaugum til Slottet i dag tidleg.

24. april 2012

Vel framme på Slottsplassen serverte Kronprinsesse Mette-Marit kaffi og bollar til medsyklistane sine. I morgon blir årets Sykle til Jobben-aksjon tråkka i gang over heile landet. Kampanjen blir arrangert for 39. år på rad, og den offisielle opninga skjer framfor Stortinget onsdag klokka 08.00. I 2011 deltok over seksten tusen arbeidstakarar, noko som var ei dobling frå året før.

Bruk reisevegen

Sykle til Jobben er Bedriftsidrettens uhøgtidelege konkurranse der målet er å få flest mogleg til å bruke reisevegen mellom jobb og heim til å vere fysisk aktive, det vere seg på sykkel, til fots eller på anna vis.

Det er ikkje så mykje som skal til før helsegevinsten er der – berre 30 minutt dagleg, heiter det. Ved å utnytte situasjonar som vegen til arbeidet – ei strekning dei fleste av oss uansett skal leggje bak oss – til å vere fysisk aktiv, få ein betra si eiga helse samtidig som miljøet blir spart for utslepp frå bilar. I mange tilfelle er det både tid og pengar å spare òg.

Eg utfordrar …

For Kronprinsesse Mette-Marit starta sykkelturen på sett og vis rett før påske, da Skaugum deltok i energisparekampanjen Earth Hour. På Twitter lova Kronprinsessa å sykle til jobb dersom Kronprins Haakon skrudde av Mac’en. Fleire andre melde seg på, og både Jan Åge Fjørtoft, Marte Stokstad og Svein Tore Bergestuen slo i dag følgje med Kronprinsessa på turen frå Skaugum til Slottet.

Sykle til jobben

Kronprinsesse Mette-Marit på vei til Slottet fra Skaugum (Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix)
Kronprinsesse Mette-Marit støtter Sykle til jobben-aksjonen og markerer kampanjen med å sykle fra Skaugum til Slottet. Hun fikk følge av blant annet Jan Åge Fjørtoft, Siri Meland og Nina Jensen fra WWF (Foto: Heiko Junge / NTB scanpix)
Kronprinsessen og medsyklistene på vei langs Frognerkilen (Foto: Tor Richardsen / NTB scanpix)
Kronprinsesse Mette-Marit støtter Sykle til jobben-aksjonen og startet arbeidsdagen tirsdag med å sykle fra Skaugum til Slottet (Foto: Tor Richardsen / NTB scanpix)
Kronprinsesse Mette-Marit med medsyklistene Marte Stokstad og Svein Tore Bergstuen (Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix)
Sammen med WWF og Sykle til Jobben-aksjonen tok Kronprinsessen sykkelen til jobb. Årets Sykle til jobben-aksjon starter over hele landet 25. april (Video: Det kongelige hoff)